Hopp til innholdet

Bustadlån

  • Enkelt å søke
  • Ein fast rådgivar det er lett å komme i kontakt med
  • Følg lånesøknaden din digitalt

Hos oss får du meir enn berre et bustadlån

Med eit bustadlån frå oss får du personleg rettleiing frå ein rådgivar som kjenner deg og dine behov. Me er her for å støtte deg gjennom heile bustadprosessen.

Kvifor bør du velje oss?

Som ein engasjert lokalbank med god kjennskap til nærmiljøet, er me ofte meir fleksible enn dei store bankane. Me strekker oss langt for å finne den beste løysinga for deg og din økonomi.

Hos oss får du ein fast rådgivar som du lett kjem i kontakt med, og som kjenner deg og dine behov.

Det er enkelt å søke lån hos oss. Me hentar inn informasjon om deg automatisk, og du kan sjå statusen på behandlinga av lånesøknaden din digitalt.

Kontakt meg om bustadlån

Alfhild Gjerstad

Alfhild Gjerstad

Kunderådgjevar Privatmarknad

Vekselbanken

Anne-Lise Bleie

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Guro Stavenes

Guro Stavenes

Kunderådgjevar Privatmarknad

Lillian Lægreid

Lillian Lægreid

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Maritha Hefte

Maritha Hefte

Kunderådgjevar Privatmarknad

May Kristin Væhle Jordal

May-Kristin Væhle Jordal (i permisjon fram til 19.10.2026)

Kunderådgjevar Privatmarknad

Monica Myklebust

Monica Myklebust Lid

Kunderådgjevar Privatmarknad

Norvald Fretheim

Norvald Fretheim

Senior kunderådgjevar Privatmarknad

Rolf Haukås

Kunderådgjevar Bedrift, Landbruk og Privat

56523518 mobil 47870690

Solfrid Dagestad Midttun

Solfrid Dagestad Midttun

Avdelingsleiar Privatmarknad

56523502 mobil 90028419

Vekselbanken

Trude Varberg

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Bustadfinansiering

Produkt Nominell rente Effektiv rente
BLU lån¹ 5,24 % 5,43 %
Bustadlån² 5,99 % 6,22 %
Grønt lån³ 4,99 % 5,14 %
Grønt oppussingslån⁴ 4,99 % 5,14 %
Rammelån/fleksilån⁵ 5,99 % 6,22 %
Hytte/fritidsbustad⁶ 5,99 % 6,22 %
Innskotshusvære/burettslag⁷ 5,99 % 6,22 %
Merk: Me tek atterhald om eventulle feil i prislistene.
Priseksempler og vilkår

1. Innanfor 90 % belåning. BLU lån er for dei mellom 18 - 34 år.

2. Innanfor 75 % belåning.

3. Innanfor 75 % belåning til primærbustad med energimerke A eller B.

4. Innanfor 75% til primærbustad, og at du gjennom oppussingstiltak oppnår 30% energisparing og får energimerke D eller betre.

5. Innanfor 60 %. Gebyr 65 kronar per månad.

6. 1. prioritet bustad 90 %. Pant hytte innanfor 50 %.

7. Inkl. fellesgjeld 75 %.

Priseksempler og gebyr

Effektiv rente er rekna på lån 2,5 millionar kroner over 25 år. Etableringsgebyr er 0,1 % av lån, minimum 250 kroner, og termingebyr per termin 65 kroner ved direkte trekk.

Rammelån er rekna på lån 2,5 millionar kroner over 25 år og med 100 % utnytting. Etableringsgebyr er 0,1 % av lån, minimum 250 kroner, og termingebyr per termin 65 kroner ved direkte trekk.

For Grønt lån er etableringsgebyr 0 kroner og termingebyr per termin 50 kroner ved direkte trekk. Kravet er at bustaden har energimerke A eller B, eller at du gjennom oppussingstiltak oppnår 30 % energisparing og får energimerke D eller betre. Grøne lån vert tilbydd for lån til primærbustad til privatkundar.

 

Teneste Pris / rente
Alle overtrekk utover kreditt  21 %
Termingebyr 65 kr
Endring løpande lån  100 kr
Etableringsgebyr 0 - 49 999  250 kr
Etableringsgebyr 50 000 - 99 999 500 kr
Etableringsgebyr 100 000 - 999 999 1 000 kr
Etableringsgebyr over 1 mill.  0,1 % av innvilga beløp
Merk: Me tek atterhald om eventulle feil i prislistene.

Spørsmål og svar om bustadlån

Du kan i utgangspunktet låne 90 % av kjøpesummen. Det avhenger også av di evne til å betene lånet. Her ser me på kor høg inntekt du har, kva du har av annan gjeld og din familiesituasjon. Har du tilleggsikkerheit kan du likevel låne inntil 100 %.

Me er fleksible og strekker oss langt for å finne ei løysing som passar for deg og din økonomi.

Les meir om korleis me bereknar kor mykje du kan låne

Utlånsforskrifta seier at du må ha minst 10 % eigenkapital. Eigenkapital er den delen av finansieringa du stiller med sjølv. Dette kan vere oppsparte midlar, BSU, sparepengar, arv eller annan bustad. Jo meir eigenkapital du har, jo mindre vil du måtte låne, og jo lågare vil renta på lånet vere.

Har du tilleggssikkerheit, kan du låne inntil 100 % av kjøpesummen. Tilleggssikkerheit betyr at vi tar pant i anna eigedom, til dømes ein person som gir banken ein garanti om å betale bustadlånet ditt om du ikkje kan gjere det.

Lurer du på kor mykje du kan låne? Prøv vår bustadlånskalkulator

Serielån inneber at avdraga er dei same gjennom lånets løpetid. Du betaler dei same avdraga kvar månad, medan rentedelen er høgast i starten og vert gradvis lågare. Totalt sett er det billegare å velje serielån fordi du betaler mindre i renter over tid.

Annuitetslån er føreseieleg fordi du betaler det same kvar månad. I starten betaler du mest renter, men etter kvart som lånet minkar vert avdraga større, og rentedelen mindre.

Les meir om serielån og annuitetslån

Avdragsfridom på bustadlån betyr at du, for ein definert periode, kun betaler renter og gebyr på lånet. Med andre ord utset du nedbetalinga av sjølve lånebeløpet. Dette gir deg midlertidig økonomisk pusterom, spesielt når du står overfor usikre økonomiske forhold.

Lurer du på å ha avdragsfridom på lånet ditt? Les meir om avdragsfridom

Ordinært bustadlån: Renta blir bestemt etter kor god sikkerheit du kan stille med. Har du behov for å låne inntil 60 % av bustadverdien, kvalifiserer du til vårt beste bustadlånstilbod med nominell rente.

Bustadlån for Unge (BLU): For deg mellom 18 og 33 år, gir BLU moglegheit til å låne opp til 90 % av bustadens kjøpesum til svært gunstige renter. 

Les meir om BLU

Grønt bustadlån: For deg som eig eller skal kjøpe bustad med energimerke A eller B. Vi tilbyr gunstige vilkår for kjøp av energieffektiv bustad eller oppgradering til miljøvennlege løysingar. 

Les meir om grønt boliglån

Rammelån (Flexilån): Du betaler rentekostnader kvar månad, medan avdraga kan betalast fleksibelt. Dette føreset god økonomistyring og minst 40 % eigenkapital. Du betaler berre renter for det beløpet du faktisk bruker. 

Les meir om rammelån

Refinansiering: Har verdien på din noverande bustad auka? Refinansiering kan gi deg midlar til å realisere dine oppussingsdrøymer. 

Les meir om refinansiering

Bustadlån frå ein Eika-bank
I Eika-bankane får du meir enn berre eit bustadlån. Du får rådgjeving frå ein lokal sparebank som kjenner området ditt og tek seg tid til å forstå økonomien og planane dine – både no og over tid.

Bustadlån frå bankane i Eika-alliansen

Bustadguiden

Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, undervegs og etter kjøp av bustad.