Hopp til innholdet

Byggelån

  • Du låner etter kvart som bygginga går framover
  • Personleg rådgiving heile vegen – frå teikning til ferdig hus
  • Mogleg å gjere om til bustadlån når huset er klart

Trygg finansiering medan du byggjer

Eit byggelån er ein mellombels låneramme du brukar for å betale rekningar i takt med byggeprosessen. Du sender fakturaene til rådgivaren din, og vi utbetaler etter kvart som prosjektet går framover.

Du betaler berre renter på det beløpet du har brukt – ikkje heile lånesummen. I tillegg kan det komme ei provisjon for å ha kreditten tilgjengeleg. Vi gir deg alltid oversikt over kostnadene før du set i gang.

Du får hjelp heile vegen

Når du søkjer byggelån hos oss, får du ein rådgivar som følgjer deg frå planlegginga til huset står klart. I lag går de gjennom:

  • budsjett og byggeplanar
  • framdrift og dokumentasjon
  • korleis du betaler rekningane undervegs
  • kva som skjer når bustaden er ferdig

Når prosjektet er fullført, gjer vi byggelånet om til eit vanleg bustadlån – tilpassa økonomien og kvardagen din.

Start planlegginga tidle

Vurderer du å bygge bustad, er det lurt å ta kontakt med oss tidleg. Då kan vi hjelpe deg å vurdere økonomien i prosjektet, sjå på moglegheiter og legge ein god plan – lenge før spaden treff bakken.

Kva må du ha klart før du søkjer?

For å få byggelån må du dokumentere både prosjekt og økonomi. Vanlegvis må du ha:

  • godkjende byggeteikningar
  • eit oppdatert byggelånsbudsjett
  • kontraktar med entreprenørar
  • eigenkapital eller tomt – som oftast minst 15 % av totalkostnaden

Vi hjelper deg å sjå gjennom dokumenta og vurderer kva som trengst i ditt tilfelle.

Alfhild Gjerstad

Alfhild Gjerstad

Kunderådgjevar Privatmarknad

Vekselbanken

Anne-Lise Bleie

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Guro Stavenes

Guro Stavenes

Kunderådgjevar Privatmarknad

Lillian Lægreid

Lillian Lægreid

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Maritha Hefte

Maritha Hefte

Kunderådgjevar Privatmarknad

May Kristin Væhle Jordal

May-Kristin Væhle Jordal (i permisjon fram til 19.10.2026)

Kunderådgjevar Privatmarknad

Monica Myklebust

Monica Myklebust Lid

Kunderådgjevar Privatmarknad

Norvald Fretheim

Norvald Fretheim

Senior kunderådgjevar Privatmarknad

Rolf Haukås

Kunderådgjevar Bedrift, Landbruk og Privat

56523518 mobil 47870690

Solfrid Dagestad Midttun

Solfrid Dagestad Midttun

Avdelingsleiar Privatmarknad

56523502 mobil 90028419

Torunn Farsund

Torunn Farsund

AHV/Business Controller

Vekselbanken

Trude Varberg

Kunderådgjevar Privatmarknad ved Eidfjord kontoret

Spørsmål og svar om byggelån

Eit byggelån er ei mellombels finansiering for deg som skal bygge bustad, hytte eller gjere større påbygg. Du får ei låneramme du kan bruke pengar frå undervegs i byggeprosjektet. Lånet blir utbetalt trinnvis etter framdrift og godkjende fakturaer. Når bustaden er ferdig, blir byggelånet vanlegvis gjort om til eit bustadlån.
For å få byggelån må du blant anna ha godkjende byggeteikningar, budsjett, finansieringsplan, kontraktar med entreprenørar – og nok eigenkapital. Banken vurderer òg betalingsevne og kor gjennomførbart prosjektet er før lånet kan innvilgast.
Kostnaden for byggelånet kjem an på kor mykje du brukar av ramma og kor lenge lånet varer. Du betaler berre renter på det beløpet du faktisk har brukt. I tillegg kan det komme etableringsgebyr og termingebyr. Ta kontakt med banken for å få ein oversikt over kostnadene i ditt tilfelle.
Når bustaden er ferdig, vurderer vi verdien på eigedomen og set opp eit ordinært bustadlån basert på oppdaterte opplysningar. Du treng ikkje søkje på nytt – rådgivaren din hjelper deg med heile overgangen.
Ja, byggelån kan òg brukast ved større oppussingsprosjekt, tilbygg eller ombygging – for eksempel viss du skal byggje på ein ny etasje eller totalrenovere huset. Banken vurderer omfanget og den venta verdiøkninga før lånet blir innvilga.

Utlån, innskot og produkt og tenester

Priseksempel lån Nominell og effektiv rente
BLU lån innanfor 90 % belåning Nom. rente 4,99 % Effektiv rente 5,17 %
Bustadlån innanfor 75 % belåning Nom. rente 5,74 % Effektiv rente 5,95 %
Salspantlån til bil e.l. innanfor 65 % belåning Nom. rente 6,55 % Effektiv rente 7,42 %
Grønt lån innanfor 75 % belåning Nom. rente 4,74 % Effektiv rente 4,88 %
Grønt oppussingslån innan for 75 % belåning Nom. rente 4,74 % Effektiv rente 4,88 %
Rammelån/fleksilån innform 60 % belåning Nom. rente 5,74 %
Effektiv rente er rekna på lån kr 2,5 millionar over 25 år. Etableringsgebyr er 0,1 % av lån, min. kr 250, og termingebyr pr. termin kr 65 ved direkte trekk. Salspantlån på kr 250.000,- over 7 år. Etableringsgebyr er 0,1 % av lån, min. kr 250, og termingebyr pr. termin kr 65 ved direkte trekk. For Grønt lån er etableringsgebyr kr 0,- og termingebyr pr. termin kr 50 ved direkte trekk. Kravet er at bustaden har energimerke A eller B, eller at du gjennom oppussingstiltak oppnår 30 % energisparing og får energimerke D eller betre. Grøne lån vert tilbydd for lån til primærbustad til privatkundar. BLU lån er for dei mellom 18 - 34 år.