Ansvarsforsikring drone
Droneforsikring er ein del av innbuforsikringa. Ho gir deg tryggleik når du brukar drone eller modellfly i open kategori (A1, A2 og A3).
Droneforsikring er ein del av innbuforsikringa. Ho gir deg tryggleik når du brukar drone eller modellfly i open kategori (A1, A2 og A3).
Ansvarsforsikringa dekkjer dronar som er registrerte på deg, så lenge du flyg lovleg i open kategori (A1, A2 og A3).
Forsikringa gjeld ved skade på andre – ikkje på sjølve drona. Dekninga gjeld når du brukar drona til leik, hobby eller konkurranse, og følgjer reglane frå styresmaktene.
Maksimal erstatning er avgrensa til om lag 10 millionar kroner (750 000 SDR).