Avbestilling av reise

Du kan avbestille reisa dersom det har oppstått skade grunna naturskade, vasskade eller liknande på bustad, forretning eller kontor der det er nødvendig med nærværet ditt.

Du kan også avbestille reisa dersom det hender ein naturkatastrofe som gjer reisemålet ditt utilgjengeleg mindre enn 72 timar før den planlagga reisa. Du kan også avbestille dersom naturkatastrofen gjer at det er fare for liv og helse ved å opphalde seg ved reisemålet.

Straks det er klart at reisa ikkje kan gjennomførast plikter sikra å avbestille reise, opphald, og/eller leigeforhold der det er kjøpt og halde seg til reisearrangøren sine avlysningsreglar for den aktuelle reisa.

Forseinking på reise

Seinka frammøte

Forsikringa erstattar rimelege og nødvendige meirutgifter til reise/ opphald for å innhente førehandsbetalt reiserute når transportmiddelet du sit i, eller har planlagt å reise med blir seinka med 1,5 time eller meir på grunn av uventa vêrforhold. Forseinkinga må vere inntreft, eller ha blitt informert om, etter at du starta på transportetappen.

Unytta førehandsbestilte og -betalte arrangement blir også erstatta

Eika Forsikring erstattar inntil kr 6 000 per person og inntil kr 20 000 per familie per skadetilfelle for nødvendige og dokumenterte overnattingsutgifter som oppstår fordi forseinkinga fører til at det ikkje er mogeleg å reise vidare same dag. For innhenting av reiserute er det inga øvre grense i forsikringssum.

Seinka avgang

Dersom det toget/flyet/bussen du skal reise med ikkje går til avtalt tidspunkt, på grunn av vêrforhold eller teknisk feil med transportmiddelet, erstattar vi nødvendige og dokumenterte meirutgifter til overnatting med kr 6 000 per person, inntil kr 20 000 per familie per skadetilfelle.

Forseinkinga og årsaka må stadfestast skriftleg av reisearrangør, trafikkselskap eller bergingsselskap. Dersom du ikkje når førehandsbetalt transportmiddel for vidare transport, sjå erstatning under «Forsinket frammøte» ovanfor.