Hopp til innholdet
Ser inn gjennom vindauget på kvinne og mann i sofaen som smiler til kvarandre

Innbuforsikring

  • Dekkar eigedelane dine som møblar, klede og utstyr. Pluss sykkel og barnevogn i Norden
  • Gjeld også for alt du har i bod, garasje og på loft
  • Uavgrensa forsikringssum

Kva dekkjer innbuforsikringen?

Heimen din rommar ofte større verdiar enn du trur. Ei god innbuforsikring sikrar alle tinga du typisk tar med deg når du flyttar inn. Innbuforsikring dekkjer tinga du har i bustaden din, som møblar, klede og TV.

Dette gjeld òg alt du har i bod, garasje og på loft – som sykkel, ski og verktøy. Det er du sjølv som set forsikringssummen for innbuet ditt. Med Toppdekning får du mest mogleg tryggleik. Og hugs – innbuforsikring er viktig, anten du eig eller leiger bustad.

Visste du at?

Du treng eigen innbuforsikring til hytta eller fritidsbustaden for å få dekka tinga du har der.
Dekninger Topp Så mykje tryggleik som mogleg Standard Ein god innbuforsikring
Løsøre

Inkludert

Inkludert

Ansvar

Inkludert

Inkludert

Rettshjelp

Inkludert

Inkludert

Pengar og verdipapir

Inkludert

Inntil 30 000 kr

Inkludert

Inntil 15 000 kr

Bod/garasje/eksternt lager

Inkludert

Inntil 350 000 kr

Inkludert

nntil 100 000 kr

Uteareal

Inkludert

Inntil 100 000 kr

Inkludert

Inntil 50 000 kr

Båt-/varetilhengar til bil

Inkludert

Inntil 40 000 kr

Inkludert

Inntil 20 000 kr

Utgifter ved mellombels bustad

Inkludert

Uavgrensa sum

Inkludert

Inntil 100 000 kr

Bilete og datafiler

Inkludert

Inntil 50 000 kr

Inkludert

Inntil 25 000 kr

Innhald i frysar/kjøleskap

Inkludert

Inntil 50 000 kr

Inkludert

Inntil 20 000 kr

Sykkel og barnevogn

Inkludert

Inntil 40 000 kr

Inkludert

Inntil 20 000 kr

Tjuveri frå køyretøy

Inkludert

Inntil 40 000 kr

Inkludert

Inntil 20 000 kr

Hobbyveksthus

Inkludert

Inntil 40 000 kr

Inkludert

Inntil 20 000 kr

Skadedyr

Inkludert

Skjeggkre, veggdyr og kakerlakkar

Inkludert

Uhellsforsikring

Inkludert

Flyttelass og transport

Inkludert

ID-tjuveri

Inkludert

Opplysningene her er forenklet og forkortet i forhold til fullstendig vilkår.
Om du allerede har forsikringer hos oss, logg inn for å laste ned vilkårene som gjelder deg.

Om forsikring

Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.

Spørsmål og svar om innbuforsikring

For å bestemme forsikringssummen på innbuet ditt bør du prøve å få oversikt over kor store verdiar du har i bustaden din og tilpasse forsikringa til dette. Du bør dekke summen på eigedelane dine i tilfelle brann og andre skadar. Eit utgangspunkt kan vere å rekne om lag 500 000 kroner per vaksen som bur i huset, men dette er veldig individuelt.

Forsikringssummen blir ofte sett for lågt og vi får ikkje erstatta alle eigedelane dine. Treng du rettleiing, er det berre til å ta kontakt med oss.

Ja, innbuforsikringa dekkjer mat som blir øydelagd i frysar, kjøleskap eller kjølerom dersom temperaturen plutseleg endrar seg, til dømes ved straumbrot, lynnedslag eller teknisk trøbbel. Har frysaren vore utan straum lenge, kan matlukta setje seg så godt fast at sjølve frysaren blir øydelagd. Blir han ikkje bra igjen etter vask, dekkjer vi òg den.
Forsikringa gjeld berre matvarer, ikkje medisinar eller andre ting du oppbevarer kaldt.

Kor lenge kan frysaren vere utan straum før maten tek skade?

Ifølgje DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) tek det mellom 10 og 30 timar før temperaturen i ein full frysar går frå -18 til -12 grader, så lenge du held døra lukka. Har du lite mat i frysaren, går det raskare.

Skadar på el-sparkesykkelen er dekt av innbuforsikringa, men du må ha ei eiga ansvarsforsikring ved bruk av el-sparkesykkel eller andre småelektriske køyretøy. Den kan du lese meir om og kjøpe her.
Standard eigenandel på innbuforsikring er 4000 kroner. Om du vel å justere opp eigenandelen kan det gi lågare pris på forsikringa.
Innbuforsikringa gjeld for den som har kjøpt forsikringa, i tillegg til ektefelle/sambuar og barn som er folkeregistrert på same adresse. Bur for eksempel ungdommen mellombels borte på grunn av studiar eller militærteneste, gjeld innboforsikringa så lenge folkeregistrert adresse er heime.

Hugs at foreldres innbuforsikring ikkje dekkjer mellombels bustad ved skade på hybel/leilegheit. Til dette krevst det at ungdommen har ei eiga innbuforsikring.

Ja, nokre typar gjenstandar og samlingar har avgrensingar i innbuforsikringa. Ta kontakt med oss om du eig dyre smykke, kunst eller andre verdisaker, så kan vi utvide forsikringssummen for desse.

Desse eigedelane og samlingane har avgrensingar:

  • Enkeltgjenstand: Inntil 350 000 kroner
  • Måleri-, kunstsamlingar og liknande: Inntil 500 000 kroner
  • Sprit- og vinsamling: Inntil 500 000 kroner
  • Gull og smykke: Inntil 350 000 kroner
  • Anna edelt metall: Inntil 350 000 kroner
  • Andre samlingar: Inntil 350 000 kroner