Nyttige tips til utanlandsturen
Med nokre enkle grep kan du få ei tryggare reise og unngå unødige kostnader.
Før du reiser
Det løner seg å ta ein rask sjekk før du dreg. Då slepp du små problem som fort kan bli irriterande i ferien.
- Sjekk utløpsdatoen på korta dine
Pass på at korta er gyldige heile perioden du er borte. - Vurder kredittgrensa på kredittkortet
Flybillettar, hotell og leigebil kjem ofte i tillegg til det vanlege forbruket. Treng du høgare kredittgrense, kan du søkje i mobil‑ eller nettbanken før ferien. - Ta med både bank‑ og kredittkort på reisa
Då har du eit reservekort dersom du mistar det eine. - Betal reisa med kredittkortet
Betaler du minst halvparten av reisekostnaden med kredittkortet, får du reise‑ og avbestillingsforsikring inkludert. Forsikringa dekkjer òg eigenandelen din ved skadar på leigebil.
Ekstra tryggleik med regionsperre
Det kan vere lurt å endre regionsperra på korta dine, slik at dei berre kan brukast i dei delane av verda der du faktisk er. Det kan redusere risikoen for misbruk. Du kan enkelt slå på regionsperre for bank‑ og kredittkortet ditt i mobil‑ og nettbanken.
Hotell og leigebil
Når du sjekkar inn på hotell eller hentar leigebil, blir det ofte reservert eit beløp på kortet ditt. Brukar du kredittkortet, påverkar ikkje reservasjonen pengane du har på brukskontoen.
Betal i lokal valuta
Når du betaler i utlandet, kan du bli spurd om du vil betale i norske kroner eller lokal valuta. Vel alltid lokal valuta.
Betaler du i norske kroner, er det butikken eller terminalen som gjer vekslinga – ofte til ein dårlegare valutakurs for deg. Vel du lokal valuta, skjer vekslinga gjennom kortet ditt, og du får som regel betre valutakurs.
Dette gjeld òg på korte turar til Sverige eller Danmark.
Ta ut pengar i minibank med kredittkortet
Treng du kontantar i ferien, kan du ta ut pengar i minibank med kredittkortet.
Hugs dette:
- Vel lokal valuta dersom minibanken spør.
- Les informasjonen på skjermen før du godkjenner uttaket.
- Nokre utanlandske bankar kan ta eigne gebyr.
- Det er som regel billegare å ta ut pengar når du er framme på feriestaden, ikkje på flyplassen.
Betal kontaktlaust
For beløp inntil 500 kroner kan du betale kontaktlaust med kredittkortet utan å taste PIN‑kode. Du kan òg betale med mobilen ved å leggje inn kortet i den digitale lommeboka du brukar (Vipps, Google Pay, Apple Pay eller Samsung Pay). Då slepp du å ta med deg lommeboka overalt og kan betale trygt når du er på farten.
Tips: Gjer korta dine klare for tæpping i Vipps‑appen før du dreg. Då kan du betale like enkelt i utlandet som heime.
God ferie og god tur!
Tips!
Prisdøme kredittkort:
Kredittkortet er levert av Kredittbanken ASA.