Hopp til innholdet
Familie pakker gaver.
Kloke val gjer førjulstida både hyggelegare og mindre hektisk.
Kredittkort

Nyttige tips til ei trygg og vellukka julehandel

No når butikkane bugnar av gode kampanjar og tilbod, er det viktig å vere varsam og merksam for å gjere julehandelen til ei hyggeleg oppleving.

Svindlarar er særleg aktive på denne tida av året, og det har vore ein stor auke i svindelsaker den siste tida. Ver derfor ekstra merksam på SMS-ar og e-postar frå Posten, andre leverandørar, butikkar og nettstader som ber deg klikke på lenkjer for å legge inn informasjon om deg sjølv.

 

Trygg netthandel – bruk kredittkort

Handler du på nett, er det viktig å bruke kredittkortet ditt når du betaler – enten du vel Vipps eller kortbetaling.

  • Kredittkort gir ekstra tryggleik – når du bruker kredittkort, handlar du med banken sine pengar, ikkje dine eigne. Skulle du vere uheldig og bli svindla, er det ikkje lønnskontoen din som blir tappa.

  • Tryggleik ved feil og manglar – kredittkort gir deg òg ekstra tryggleik dersom vara du har kjøpt har feil eller manglar. Det same gjeld om seljaren nektar deg angrerett, eller om nettbutikken går konkurs.

 

Legg korta dine inn i Vipps

Visste du at det er plass til både bank- og kredittkortet i Vipps-appen? Legg inn begge korta, så kan du enkelt velje å bruke kredittkortet når du handlar på nett.

Skulle du bli utsett for svindel, er bankkontoen din trygg. No kan du òg tæppe med Vipps i heile verda!
Finn ut meir om korleis du kan legge inn begge korta i Vipps her.

Nyt førjulstida og del gode minner med dei du er glad i!

Jente sjekkar mobilbanken medan ho held ein kopp te.

Har du ikkje kredittkort frå oss?

Med bank- og kredittkort på éin stad får du full oversikt og kontroll i mobil- og nettbanken.