Sikker netthandel: Trygg bruk av kredittkort
Black Friday er kjent for fantastiske tilbod og kampanjar i november, men dette er også høgsesong for nettsvindlarar. Å vere informert og førebudd kan gjere di digitale shoppingoppleving både trygg og givande. Følg våre topp fem tips for å beskytte både din personlege informasjon og din økonomi mens du jaktar på dei beste tilbodene.
Fem tips til tryggare netthandel
-
Vær kritisk til tilbod: Ikkje la deg friste av tilbod som verkar for gode til å vere sanne. Undersøk prisar og sjekk nettbutikken sin pålitelegheit. Les vurderingar frå andre kundar for å unngå falske nettbutikkar.
-
Beskytt dine personlege opplysningar: Når du handlar på nettet, er det viktig å vere forsiktig med dine personlege opplysningar. Sjekk alltid at nettstaden si adresse startar med https:// og har ein hengelås i nettlesaren. Dette viser at nettstaden brukar kryptering for å beskytte dataene dine.
-
Bruk sikre betalingsmetodar: Vi anbefaler at du brukar kredittkort når du handlar på nett. Skulle du vere uheldig og bli svindla, er det ikkje lønnskontoen din som blir tappa.
-
Benytt BankID-appen for auka sikkerheit: Denne appen tilbyr ein tryggare, enklare og meir moderne måte å identifisere deg på, og reduserer risikoen for svindel då den ikkje krev at du tastar inn ein kode. Du får også meir informasjon om kjøpet du akkurat har gjort og kan avbryte hvis noko ikkje stemmer.
-
Vær på vakt mot phishing: Svindlarar kan sende e-postar eller SMS som ser ut som dei kjem frå kjente firmaer eller tenester. Vær skeptisk til meldingar som ber deg oppgi personleg informasjon eller klikke på lenker og vedlegg. Gå alltid direkte til nettstaden ved å skrive inn nettadressa sjølv.
Black Friday kan vere ei flott tid for å gjere gode kjøp, men det er viktig å handle med forsiktighet. Vi vil aldri be deg om å oppgi konfidensiell informasjon, passord, BankID eller ditt kredittkortnummer. Ved å følge desse fem punkta, kan du minimere risikoen for å bli eit offer for svindel. God shopping!
Svindelmetodar@headingTag>
Sjå videoar med enkle og gode forklaringar på ulike svindelmetodar.