
Eika Ansatt
- Eit privatkort til firmautlegg
- Inntil 45 dagars rentefri betalingsutsetjing
- Ingen årsgebyr og inkludert reise- og avbestillingsforsikring
Eika Ansatt passar utmerka for deg som reiser mykje, har mange firmautlegg og ønskjer å skilje jobbrelaterte utgifter frå privatøkonomien.
Legg kortet i favorittappane og nettbutikkane dine med ein gong du får det digitale kortet i mobilbanken. Då kan du handle trygt, raskt og enkelt – uansett kvar du er.
Ønskjer du ekstra tryggleik ved netthandel, kan du bestille ID-tyveriforsikring i mobil- og nettbanken. Den kostar 25 kr per månad og hjelper deg dersom nokon misbruker identiteten din for å skaffe seg lån, kredittkort eller liknande.