Reklamasjon på kort og konto
Har du oppdaga feil eller ukjende transaksjonar på konto, kredittkortet eller bankkortet ditt – eller vorte belasta for ei vare du ikkje har motteke?
Det kan skje, og heldigvis finst det ei løysing. Gjennom ein reklamasjon kan du få pengane tilbake.
Når kan du sende inn reklamasjon?
Du kan sende inn reklamasjon dersom:
- du har betalt med bankkort eller kredittkort, eller
- du finn ei ukjend transaksjon på ein av kontoane dine
Hugs: Reklamasjonen må sendast inn så raskt som mogleg – og seinast innan 13 månader etter at pengane vart trekte.
Tips
Reklamasjon på konto?
Ta kontakt med rådgivaren din i banken – så hjelper vi deg!