Slik lager du sikre passord som er lett å hugse
Kvart år blir nordmenn lurte for millionar av kroner, og sensitiv informasjon lekk. Heldigvis finst det måtar å beskytte seg på, og det er ikkje store endringar som skal til.
Desse grepa bør du ta
Vi i banken vil alltid gjere vårt ytterste for å beskytte deg, men det er nokre grep du sjølv kan og bør gjere for å hindre at dette skjer. Difor har vi sett opp nokre tips til korleis du kan lage sikre passord.
Noko av det beste og enklaste du sjølv kan gjere for å unngå å bli hacka er å bruke passord som er vanskelege å gjette seg til og ikkje bruke det same passordet overalt.
Slik lager du gode passord
- Passordet bør vere så langt som mogleg, minst 5 ord eller 16 teikn.
- Passordet bør innehalde både tal, symbol, store/små bokstavar og mellomrom (ikkje alle tenester tillèt mellomrom).
- Plasser talet midt i eller først, ikkje til slutt. Då blir passordet endå litt vanskelegare å gjette.
- Unngå bruk av tal/ord som kan assosierast med deg eller tenesta det gjeld. F.eks. bursdagsdatoar, namn på familiemedlemmar, kjæledyr, osv.
- Tenk kategoriar, ikkje nødvendigvis eit passord for kvar einaste nettside; jobb, nettbank- og betalingstenester, og eit eige for sosiale medier. Skulle uhellet vere ute, veit du med det same kva passord du må bytte.
Bruk aller helst eit eige passord for e-posten din for å unngå at kriminelle kjem seg inn og nullstiller passorda dine andre stader på nett. Vi anbefaler i tillegg å bruke totrinnsverifisering (motta SMS før du loggar inn) der det er mogleg. Det gjer det endå vanskelegare for kriminelle å hacke seg inn på kontoane dine.
Døme på sikre passord
Har du ei oppleving eller eit minne du hugsar spesielt godt?
- «Backpackerturen-Australia 2018»
- «I 1995 ble våre kvinnelige undervannsrugbyspillere historiske da de vant Norges første VM-gull i en lagidrett»
Har du ein songtekst du er ekstra glad i?
- «Karpe Diem: Spis Din 7. Sans»
- «Øystein Sunde; hesT eR besT soM pålegG»
Kanskje har du ein spesiell hobby eller interesse?
- «Hobbygartner: lager avleggere av Montseraene mine og selger til venninner»
Hugs passorda du lager
Det viktigaste er å hugse passorda du bruker. Unngå bruk av «husk passord på nett». Dei fleste nettsider har ein slik funksjon, og det kan vere freistande å trykke på «lagre»-knappen. Dette gjer det mykje enklare for inntrengjarar eller virus å finne passorda dine på maskinen.
Ønskjer du å vite meir om korleis du lager sikre passord og beskyttar deg på nett? Du finn meir informasjon hos nettvett.no.
Vi har laga nokre enkle filmar om kva metodar svindlarar bruker, og korleis du kan beskytte deg mot dei. Sjå filmane her.
Skulle du ønske du kunne sleppe heile problemstillinga med passord? Finn ut korleis her.