Hopp til innholdet

Slik aktiverer du automatisk auke av spareavtale

Små justeringar av spareavtalen din kan gjere ein forskjell over tid. Her ser du korleis du enkelt aktiverer automatisk auke og byggjer sparinga litt etter litt. 

Slik aktiverer du automatisk auke av spareavtale:

Aktiver automatisk auke for dei eksisterande spareavtalane dine:

  1. Opne mobilbanken eller spare-appen «Smartspar».
  2. Gå inn på éin og éin spareavtale for å aktivere automatisk auke.
  3. Vel beløpet du ønskjer å auke med i kroner. Aukinga skjer årleg.
  4. Trykk på «Ferdig», og spareavtalen din oppdaterer seg innan kort tid.

Du kan når som helst endre dette seinare.

 

Aktiver automatisk auke når du opprettar ei ny spareavtale:

  1. Opne mobilbanken eller spare-appen «Smartspar».
  2. Gå til «Spar i fond» for å opprette ny sparing med eit fast månadleg beløp.
  3. Følg stega for å opprette månadleg sparing, og vel eit månadleg sparebeløp.
  4. Aktiver automatisk auke dersom du ønskjer det, og vel hyppigheit, månad og beløpet du ønskjer å auke med.
  5. Trykk på «Bekreft», og du er i gang!

Du kan når som helst endre dette seinare. 

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.