Plattformhonorar
Vi har endra måten du betalar for fond frå andre fondsforvaltarar ved å innføre plattformhonorar. Dette gjer vi, i likskap med andre distributørar av verdipapirfond, for å tilfredsstille regulatoriske krav.
Dette er plattformhonorar
Plattformhonorar er ein årleg kostnad som blir betalt kvartalsvis til Eika Kapitalforvaltning som distributør og plattformleverandør av tenester til deg som sparar i fond.
Det er berre fond frå andre fondsforvaltarar som er gjenstand for plattformhonorar. Fond forvalta av Eika Kapitalforvaltning vil ikkje bli belasta med plattformhonorar.
Plattformhonorar vart innført med verknad frå 1. mai 2023.
Endringa i prismodellen betyr at prisen på dei fleste fond blir todelt, og vil bestå av:
- Forvaltningshonorar - ein pris som forvaltar av fondet skal ha for jobben
- Plattformhonorar - ein pris som distributøren skal ha for jobben som distributør og oppfølging av ditt kundeforhold
En oversikt over plattformhonorar på eksterne fond som handles gjennom Eika Kapitalforvaltning følger nedenfor
Typ fond | Plattformhonorar |
---|---|
Aktivt forvaltet aksjefond | 0,6 % per år |
Indeksfond | 0,3 % per år |
Kombinasjonsfond (min 30 % aksjeandel) | 0,6 % per år |
Rentefond | 0,3 % per år |