Automatisk auke av spareavtale – smart sparing for framtida
Har du allereie ein fast spareavtale? Med automatisk auke (AØS) kan du la sparebeløpet auke litt etter litt. Du vel sjølv kor mykje, resten skjer automatisk.
Derfor kan automatisk auke vere lurt
Når du har kome i gang med fast sparing, kan automatisk auke hjelpe deg med å byggje vidare på den gode sparevanen. Du slepp å hugse å justere sparebeløpet sjølv, og kan planleggje for å spare litt meir etter kvart.Du vel sjølv kor ofte sparebeløpet skal aukast, kva månad det skal skje i, og kor mange kroner det skal aukast med. Deretter skjer det automatisk.
Automatisk auke kan gjere det enklare å auke sparinga gradvis og halde fast ved gode sparevanar over tid.
Slik aktiverer du automatisk auke av spareavtale:
Aktiver automatisk auke for dei eksisterande spareavtalane dine:
- Opne mobilbanken eller spare-appen «Smartspar».
- Gå inn på éin og éin spareavtale for å aktivere automatisk auke.
- Vel beløpet du ønskjer å auke med i kroner. Aukinga skjer årleg.
- Trykk på «Ferdig», og spareavtalen din oppdaterer seg innan kort tid.
Du kan når som helst endre dette seinare.
Aktiver automatisk auke når du opprettar ei ny spareavtale:
- Opne mobilbanken eller spare-appen «Smartspar».
- Gå til «Spar i fond» for å opprette ny sparing med eit fast månadleg beløp.
- Følg stega for å opprette månadleg sparing, og vel eit månadleg sparebeløp.
- Aktiver automatisk auke dersom du ønskjer det, og vel hyppigheit, månad og beløpet du ønskjer å auke med.
- Trykk på «Bekreft», og du er i gang!
Du kan når som helst endre dette seinare.