Hopp til innholdet

Livsforsikring

Her finn du våre ofte stilte spørsmål om livsforsikring.

Spørsmål og svar om livsforsikring

Livsforsikring, òg kjent som dødsfallsforsikring, gjev ei eingongsutbetaling til dine etterlatne viss du døyr før året du fyller 80. Alle frå 18 til 70 år kan kjøpe ei livsforsikring. Ynskjer du å kjøpe ei livsforsikring, må du fylle ut ei helseerklæring.
Prisen på ei livsforsikring avheng først og fremst av kva forsikringssum du vel. Jo høgare forsikringssum, jo høgare vil prisen vere. Prisen stig òg i takt med alderen din. Det er fordi risikoen vi har aukar jo eldre du blir. Prisen kan bli høgare viss du har ei sjukehistorie eller står i risikosonen for å få ei sjukdom. Dette kjem fram av helseerklæringa.
Vi anbefaler at du dekker din del av gjelda til husstanden i tillegg til ei årsløn. Då slepp dei etterlatne å bekymre seg for økonomien viss du går bort. Mange vel å dekke heile gjelda.
Du bestemmer sjølv kven som får utbetalinga. Det gjer du ved å begunstige eller ved eit testament. Viss ingen blir begunstiga eller oppnemnd i testamentet, følgjer utbetalinga arvelova. Ynskjer du at andre enn eventuell ektefelle skal motta utbetalinga, er det viktig at du begunstigar desse. Det kan vere sambuar, særkullsbarn eller andre du ynskjer skal motta utbetalinga dersom du døyr. Hugs at utbetalinga for livsforsikringa er skattefri.