Hopp til innholdet
Reiseforsikring

Høge drivstoffprisar kan føre til kansellerte fly

Uro i Midtausten har ført til høgare prisar på flydrivstoff. I verste fall kan det føre til at flyavgangar blir kansellerte. Her forklarer vi kva du bør gjere dersom reisa di blir råka – og kva reiseforsikringa dekkjer. 

Kva gjer du dersom flyet ditt blir kansellert?

Dersom flyet ditt blir kansellert, er det flyselskapet du skal kontakte først. Ved driftsavvik er det flyselskapet som har ansvar for å hjelpe deg vidare.

Du skal få tilbod om eitt av desse alternativa:

  • ombooking til første ledige avgang
  • ombooking til ei seinare reise
  • refusjon av billettane

Det er viktig at du ikkje avbestiller reisa sjølv. Gjer du det, kan du miste retten til refusjon frå flyselskapet.

Dette dekkjer ikkje reiseforsikringa

Reiseforsikringa dekkjer ikkje refusjon av flybillettar eller andre kostnader som oppstår som følgje av kansellerte flyavgangar.

Det betyr at forsikringa ikkje dekkjer utgifter du får fordi flyet ikkje går som planlagt, sjølv om årsaka er utanfor di kontroll.

Har du bestilt hotell eller feriebolig?

Dersom du har bestilt hotell, feriebolig eller Airbnb utan moglegheit for refusjon, må du sjølv ta kontakt med hotellet eller utleigaren.

Du kan undersøkje om det er mogleg å få heilt eller delvis refusjon ved avbestilling. Slike kostnader er heller ikkje dekte av reiseforsikringa.

Betalt med kredittkort?

Har du betalt flybillettane med kredittkort, kan du undersøkje om det er mogleg å få refusjon eller reklamere via kortutstadar.

Ver merksam på at forsikringa som følgjer med kredittkortet, heller ikkje dekkjer kansellerte flyavgangar. For å gå vidare med ei slik sak må du kunne dokumentere at du først har forsøkt å få refusjon direkte frå flyselskapet, utan å lukkast.

Usikker på kva som gjeld for deg?

Rettar og moglegheiter kan variere frå sak til sak. Start alltid med å kontakte flyselskapet dersom reisa di blir kansellert.

Du kan òg lese meir om reiseforsikring og vilkår her, slik at du veit kva som gjeld før du reiser.