Slik gjer du båten klar for sesongen
Når den vintertrøytte båten din kjem fram frå presenningen, må du sørgje for at den er i ship shape for nye eventyr. Slik gjer du det.
Når snøen smeltar og vårfuglane helsar på, er det på tide å ta av båtpresenningen og gjere fartøyet klart for ein ny sommar på «bøljan blå».
Sesongen for dagsturbåtane startar normalt i byrjinga av april og mai, så viss du ikkje har byrja enno, er det på høg tid å begynne med vårpussen.
Har du ein plastbåt kan du enkelt ta vårpussen av båten din sjølv. Trebåtar derimot, krev litt ekstra stell, så er du usikker på korleis du skal behandle trebåten din, bør du sjekke med ein spesialist før du går i gang.
Har du hugsa å forsikre båten din? Sjekk hvilken forsikring som passar deg best her.
Vi tok ein prat med reportasjeleiar Amund Rich Løken frå Båtmagasinet, og her er hans beste tips til korleis du bør stelle båten etter ein vinter under plastdyna.
8 gode råd for ein sommerklar båt
1. Puss, puss, så får du ein smuss(fri) båt
Å vaske båten grundig utvendig når du tek opp båten på hausten og gjer den klar på våren igjen, er utruleg viktig. Dette kan du enkelt gjere ved å bruke ein høgtrykkspylar langs skroget.
Fjern groe under båten, anten med ei skrape, stålbørste eller høgtrykkspylar på dei litt tøffare partia.
– Den tyngste jobben har du som regel under båten. Elles er det viktig å hugse at vårpussen eigentleg startar allereie hausten året før. Gjer unna mykje av førehandsarbeidet då, så blir jobben enklare når den vintertrøytte båten kjem fram frå presenningen, seier Løken.
2. Ta ein ordentleg titt
Når skroget er fritt for smuss, skitt, groe, tang og tare, bør du inspisere heile båten grundig.
– Kontroller at fartøyet er heilt under skroget, utan teikn til vasslekkasje. Sjå òg til at alt som er påmontert sit som det skal, seier båtjournalisten.
3. Bruk den rette såpa før du rubber og polerer båten
Det er som sagt viktig at du vaskar skroget godt. Du kan få kjøpt ein spesiell sjampo som er meint for båt, men vanlege hushaldningsprodukt som grønnsåpe gjer òg nytta. Prøv å unngå å bruke middel med sliping. Er du usikker på kva du kan bruke, kan du alltid spørje i ein båtutstyrsbutikk. Dei vil òg hjelpe deg med å finne dei rette produkta til den typen båt du har.
Er skroget veldig stygt, kan det rubbast før du polerer det.
Om du skal rubbe, er det viktig at du bruker ein maskin som ikkje har ein altfor høg hastigheit på poleringspaden då det kan føre til varmgang og skade overflata. Bruk derfor ei mild rubbing på:
- Skrog og overbygg
- Matte og ulne stader og ved fendergnag
- Fenderlister og sotete område
- Rundt alt påmontert metall rundt båten. Triks å bruke tannbørste
- Sotete område
Når du er ferdig med å rubbe, er det på tide å polere båten og legge på eit lag med voks når båten er tørr.
– Det viktigaste er at alt er reint før du byrjar å polere. Å legge på eit nytt lag med voks er noko du bør gjere kvart år, understrekar Løken.
4. Legg på bunnstoff
Før du bruker ei rulle til å legge på bunnstoff på båten, er det viktig at underlaget er heilt tørt. Det finst fleire typar bunnstoff å velje i, men dei fleste bruker sjølvpolerande bunnstoff. Det held som regel med eitt strøk.
5. «Brush up»
No er det på tide å rette blikket innover. Ta ein skikkeleg «brush up» på eventuelle område med treverk.
– Tredetaljar held seg fine om dei får behandling med olje eller lakk. Ubehandla teak blir grått, medan teaken held fargen om den får behandling med olje. Dra over med fint sandpapir først, anbefaler Løken.
Elles er det å tørke støv, vaske vindauge, reingjere putetrekk, vaske fenderane og andre overflater. Gå gjerne over fenderlista med aceton på ein klut. Det gjer seg med ei blank og fin fenderlist.
6. Ta «eit djupdykk» i sjølve båten
Ta ein titt i skrogbunnen innvendig. Sjekk at alt av skroggjennomføringar, kranar og ventilar under vasslinja er i orden, og at det er tett.
Sjå òg på kranar og ventilar. Mange av desse er laga i plast, og etter ein vinter med mykje frost kan det oppstå skadar.
– Er det tilfelle, og dei ikkje er tette meir, bør dei bytast ut. Du bør òg sjekke bensinslangar og kablar. Kablar til gass og gir bør smørjast med fett eller grease. Slangen som går frå bensin til motor må vere hundre prosent i orden, tett og heil. Alle slangeklemmer burde òg sjekkast og eventuelt etterstrammast, seier båtjournalisten.
Han anbefaler òg å ta ein kikk på alt av kablar. Her bør du sjekke styring, gir og gass, samt passe på at alt er ordentleg smurt med fett eller grease.
7. Sjekk motoren og tennpluggane
Båtmotoren treng òg ein vårsjekk.
– Sørg for at det er eit lag med fett i alle svingbare ledd på båtmotoren. Løft litt og vri på den utvendig for å kome til ordentleg. Ta av lokket og sjå til at alt i motoren er i orden, òg tennpluggane. Er det eit tynt og brunt belegg nederst på pluggen er det ok, men er det tjukt og svart bør du kanskje byte dei ut, forklarer Løken.
Den erfarne båtjournalisten anbefaler òg å spraye motoren med ein fuktfordriver. Dette gjer du på alle komponentane under lokket i sjølve motoren.
– Det er viktig å halde salt og fukt borte frå båtens motor. Du bør òg byte girolje i undervannshuset. Dette er noko som blir gjort kvart år, seier han.
8. Bytt bensin
Har du ein båt med laus bensintank, må denne tømmast og reinsast – i alle fall om du ikkje har gjort det på ei stund. Det er fordi det kan kome rustflak innvendig etter nokre års bruk.
– Når du har tømt ut det meste, la det vere igjen litt bensin som kan skvulpe med for å «reingjere» tanken, seier Løken.
Også bensin kan bli gammalt, minner han på. For å vere på den sikre sida kan det derfor lønne seg å fylle på full tank med ferskt drivstoff.
– Og når du har gjort dette er det berre å ta på seg badetøyet, ta fram nistekurven og satse på at det blir ein skyfri dag på havet med strålande sol, avsluttar Løken.
Vi ønskjer deg god tur. Hugs å følgje sjøvettreglan.
Ops, det er noko gale med båten. Kva no?
Det er ikkje alltid ting går som det skal, sjølv ikkje når du har pakka inn båten din i eit tjukt lag med plast, fulgt reglane om regelmessig tilsyn av den om vinteren, og du har gjort alt etter boka.
Uforutsette ting kan skje, og når dei gjer det er det godt å vere rett forsikra. Hos oss kan du velje mellom fire ulike typar båtforsikringar.
Oppdager du ein skade, bør du melde den inn her.
Visste du at?
Kjelde: Redningsselskapet
Båtforsikring@headingTag>
Det lønner seg å kjøpe eigen forsikring til båten din. Med ein eigen båtforsikring er du nemleg dekt mot alle plutselege og uforutsette skadar.