Hopp til innholdet

Kva skjer med felles forsikringar ved samlivsbrot?

Når livet tek ei ny retning etter eit samlivsbrot, kan både kjensler og praktiske ting verke overveldande. Men når kvardagen byrjar å falle på plass igjen, er det lurt å ta ein gjennomgang av forsikringane.

Når de går kvar til dykkar, er det lett at noko fell mellom to stolar. De har delt eit liv – og mykje felles ansvar og eigedelar må fordelast på nytt.

Det er smart å sjekke alle felles forsikringar. Kva har de saman i dag? Fell ein av dykk utanfor viktige forsikringar? Bør de fordele kven som betaler for kva, på ein annan måte no?

Forsikringar du bør tenkje på

Forsikringar som ofte er knytte til den eine sitt namn, men gjeld begge eller heile familien, er typisk:

  • Innbuforsikring
  • Bilforsikring
  • Husforsikring
  • Hytteforsikring
  • Barneforsikring
  • Reiseforsikring
  • Livs- og uføreforsikringar

De må også få oversikt over kven som betaler for forsikringane i dag, og finne ut kven som skal betale kva framover. Mange gløymer dette, og endar med å betale for den andre si forsikring i årevis før det blir oppdaga.

– Difor er det viktig å sjekke kven som står som eigar og betalar, og kven som er dekka, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nilesen i Fremtind.

Meld frå om endringar

Når de flyttar frå kvarandre, må forsikringsselskapet få beskjed. Dette gjeld spesielt:

  • Adresseendring – innbuforsikringa må oppdaterast til ny adresse
  • Bilforsikring – kven skal stå som eigar og brukar av bilen?
  • Husforsikring – skal ein av dykk overta bustaden, eller skal han seljast?

Ved å melde frå tidleg, unngår de at forsikringar blir ugyldige eller at de betalar for noko de ikkje treng lenger.

Vurder behova dine på nytt

Eit nytt liv betyr ofte nye behov. Kanskje treng du no ei eiga innbuforsikring, eller vil sikre barna dine med ei livsforsikring. Snakk gjerne med ein rådgivar – vi hjelper deg med å finne det som passar for deg no.

Felles barn

Har de barn saman, er det viktig å sjå på barneforsikringa. Ho bør følgje barnet, og det kan vere lurt å avtale kven som skal stå som betalar og kontaktperson. Forsikringstakaren kan ha rett på utbetaling ved skade eller sjukdom, så det er viktig å setje opp rett person. Hugs også at reiseforsikringa må dekke barnet – uansett kven det er på ferie med.

Sikre at livsforsikring går til rett person

Har du livsforsikring via jobb eller privat, bør du vurdere kven som skal få utbetalinga dersom du går bort. Dersom de har hatt kvarandre som begunstiga (den som får utbetalinga ved død), må dette oppdaterast etter samlivsbrot. Mange gløymer at eks-partnaren kan stå oppført som mottakar, sjølv etter ny partnar eller nytt ekteskap.

Vil du at ny partnar, barn eller andre skal vere mottakar, må du aktivt endre dette. Ta kontakt med forsikringsselskapet – det er ei lita handling som kan ha stor betydning for dei du vil ta vare på.

Reiseforsikring når de ikkje bur saman

Sjekk kven som står som forsikringstakar. Står ikkje reiseforsikringa i ditt namn, fell du ut av familieforsikringa ved samlivsbrot, og må skaffe di eiga. Har de barn, må barnet også vere dekka. Få hjelp med forsikringane Det er ikkje alltid lurt å seie opp forsikringane – ofte er det betre å endre dei. Ein rådgivar i banken kan hjelpe deg med dette. Då kan de også sjå på om du har riktig dekning, om du er dobbeltforsikra, eller om du kan spare pengar.