
Summaren då vi tæppa meir enn nokon gong – heime og på tur
Denne sommaren skjedde det meste av mobilbetalinga heime – i heilt vanlege situasjonar som matbutikken og kafeen – medan mange òg brukte mobilen på reise. Mobilbetaling er enkelt, trygt og kostar ikkje meir enn kort. Start med eit lite kjøp på nærbutikken eller kafeen, og la mobilen bli ein trygg vane over tid.
«Mobilen er berre ein ny måte å bruke det same bankkortet på. Tryggleiken er minst like god, og kvardagen går litt raskare. Start roleg på nærbutikken: dobbeltklikk, hald mot terminalen, stadfest – ferdig.» – Sverre Skagestad, Direktør for betaling i Eika Gruppen
Kva skjedde i sommar – og kva tyder det for deg?
Heime vann kvardagen
Når vi legg saman alle mobil-/wallet-kjøp i Noreg gjennom sommaren, landar vi på om lag 21,3 millionar transaksjonar*. Det store biletet er eigentleg ganske kvardagsleg:
- Daglegvare stod for rundt 8,9 millionar kjøp – om lag 42 % av alle mobilkjøpa i Noreg denne sommaren. Vi bruker mobilen når vi hentar mjølk på veg heim, handlar til grillkvelden eller berre skal ha noko kjapt og enkelt.
- Restaurant/kafé: ca. 2,7 millionar kjøp. Ferielunsjar, ispausar og små kveldsstopp er typiske «tæpp»-situasjonar.
Kva tyder dette for deg?
Mobilbetaling passar best der du handlar ofte. Når kvardagskjøpa flyt, blir det enkelt å teste éin gong – og så blir det fort ein vane.
Visste du at over halvparten av mobilkjøpa i sommar var heilt vanlege kvardagskjøp?
Ja, vi reiste – men mobilen vart ofte brukt heime uansett
Å «tæppe» med mobilen eller klokka er ofte like lett i utlandet som heime – berre du ser symbolet for kontaktlaus betaling. Det har kundane fått med seg: I juni–august vart det gjort over 900 000 mobil-/wallet-betalingar rundt om i verda. Flest kjøp skjedde i Sverige, Spania og Danmark – kjende og kjære reisemål for nordmenn. Samstundes viser tala bruk i heile 130 land denne sommaren.
Kort fortalt: Kundane er svært mobile – i dobbel tyding! Ferie + kvardagsliv = mobilbetaling funkar både på tur og heime. Og du treng ikkje reise for å kome i gang.
* Data for privatkundar i bankane i Eika Alliansen, juni–august 2025.

Visste du at...
I sommar vart mobilbetaling mest brukt heime – ikkje på ferie.
Matbutikken ligg på topp, og restaurant er ein klar nummer to.
Det vart òg mange kjøp i utlandet – særleg i Sverige, Spania og Danmark.