
Eika Kredittkort og Eika Ansatt blir overført til nye kortsystem
På denne nettsida finn du oppdatert informasjon om endringane – og kva dei betyr for deg.
Eika Kredittbank og SpareBank 1 Kreditt har slått seg saman og etablert Kredittbanken ASA. Det nye selskapet er eigd av sparebankane i Eika og SpareBank 1, og blir ein sterk felles aktør for kredittkort, refinansiering og forbrukslån i Noreg.
Fram til 31. mai 2025 kan du bruke kortet ditt akkurat som før. Etter denne datoen blir kortet ditt overført til dei nye systema i Kredittbanken.
Det viktigaste du bør vite i samband med overgangen:
- Kortet ditt vil fungere som vanleg i butikk og på nett, men med nokre midlertidige avgrensingar.
I perioden 30. mai–2. juni vil du ikkje kunne legge inn kortet i Apple Pay, Google Pay eller Vipps, eller bruke det som betalingskort for nye nettabonnement. - Frå 22. mai til 2. juni vil enkelte korttenester vere utilgjengelege i mobil- og nettbanken. Dette gjeld mellom anna bestilling av nytt kort, oppseiing, endring av forfallsdato, kredittgrense og tilgang til betalingsinformasjon. Følg med på informasjon som blir lagt ut – vi held deg oppdatert.
- Som følgje av overgangen vil du motta fakturaen for juni i to delar:
- Ei transaksjonsoversikt utan betalingsinformasjon blir sendt ut 30. mai.
- Sjølve fakturaen, med forfall 16. juni (uavhengig av tidlegare valt forfallsdato), blir sendt ut 2. juni.
- Faktura med forfall 25. mai og 5. juni blir ikkje sendt ut, så du får litt ekstra tid før fakturaen for juni må betalast.