
Kom i gang med det digitale kortet ditt
Visste du at du kan bruke det digitale kortet ditt både i fysiske butikkar og på nett?
Har du fått nytt bankkort? Visste du at du ikkje treng å vente på det fysiske kortet før du kan ta det i bruk? Du finn det digitalt i nett- og mobilbanken. Det er like raskt, trygt og enkelt som å ha kortet i handa.
Slik tek du i bruk det digitale kortet:
- Finn det digitale kortet ditt i mobil- eller nettbanken, og bruk det når du handlar på nett.
- Registrer kortet ditt i digitale lommebøker som Vipps, Apple Pay, Google Pay, Samsung Pay, Fitbit Pay eller Garmin Pay. Har du med deg mobilen, har du òg med deg kortet. Då kan du betale med telefonen i staden for å bruke det fysiske kortet.
- Registrer kortet ditt i Vipps, så kan du betale raskt, trygt og enkelt i mange nettbutikkar. Usikker på korleis du gjer det? Les meir om Vipps her.
Slik finn du det digitale kortet:
- Logg inn i mobil- eller nettbanken og vel «Kort».
- Finn Visa-bankkortet eller kredittkortet ditt og vel «Sjå digitalt kort» – då får du opp kortnummer, utløpsdato og CVV-kode.
- Legg inn desse som betalingsinformasjon når du handlar på nett. Då kan du bestille reiser eller kjøpe andre ting utan å ha det fysiske kortet tilgjengeleg.
Så enkelt er det! Sjekk det digitale kortet ditt i dag og test kor praktisk det er å handle på nett – utan å bruke det fysiske kortet.
Visste du at?
Du finn både det digitale bankkortet og kredittkortet ditt i mobil- og nettbanken. Då har du begge korta lett tilgjengelege med nokre få tastetrykk.
Finn ut meir om våre kort

Slik finn du kvardagsflyten i økonomien
Er du klar for å forenkle kvardagsøkonomien din? Med våre digitale bankløysingar kan du få økonomien til å flyte automatisk, slik at du kan bruke tida på det som verkeleg betyr noko