For å få råd til å oppfylle små og store draumar, er det ingen veg utanom: Du må spare pengar. Men korleis gjer du det best mogeleg? Det kjem heilt an på kva livssituasjon du er i, kva du sparar til, og kor lenge du planlegg å spare. Dei tre vanlegaste spareformene for deg som er ung er fondssparing, BSU og vanleg sparing på konto. Finn ut kva som passar best for deg:

BSU-sparing
Bustadsparing for unge passar for deg som sparar til eiga leilegheit.

  • Du får bankens beste innskotsrente og ekstra gunstige lånevilkår den dagen du skal kjøpe bustad
  • Du kan spare inntil 27.500 kroner i året og inntil 300.000 kroner totalt i løpet av spareperioden
  • Du får 10 prosent i skattefrådrag på alt du sparar. Set du inn maksbeløpet per år, får du dermed 2.750 kroner i skattefrådrag

Fondssparing
Eig du allereie leilegheit? Eller sparar du meir enn BSU-grensa på 27.500 kroner i året? Då er fondssparing for deg.

  • På lang sikt vil fondssparing vanlegvis gi betre avkastning enn tradisjonell sparing på konto
  • Det er inga bindingstid tilknytt fonda, kjøp og sel akkurat når du vil (men hugs likevel å tenkje langsiktig)
  • Hos Eika kan du velje mellom fleire ulike fond, avhengig av kor lang sparehorisont du har. Snakk med ein rådgivar og finn det rette fondet for deg
  • Opprettar du i tillegg ein aksjesparekonto kan du kjøpe og selje fond utan å skatte av gevinsten undervegs

Vanleg sparing på konto
Sparing på konto er basert på ei føreseieleg rente som du får i banken, og passar for deg som sparar kortsiktig – til dømes til neste års sydentur.

  • Sparemåten med lågast risiko
  • Pengane er alltid lett tilgjengelege – om du skulle ha bruk for dei
  • Du får høgare rente på sparekontoen enn på brukskontoen din

Uansett kva du vel: Om sparinga verkeleg skal monne, må du hugse å spare jamnt og trutt. Hos banken kan du opprette ein avtale som gjer at eit fast beløp blir overført til sparing kvar månad. Start i dag!