Hopp til innholdet

Vanlege svindelmetodar no – slik kjenner du dei att

Svindlarar endrar taktikk heile tida. No aukar talet på falske SMS-ar og e-postar med forfalska avsendar, kapring av mobil- og nettbank og falske telefonar frå «banken» eller politiet. Også investerings- og kjærleikssvindel blir vanlegare i sosiale medium.

Myten seier at berre eldre blir lurte. Sanninga er at svindel rammar alle. Ta ein ekstra sjekk saman.

Slik stoppar vi svindel saman

Vi i banken og Eika Tryggleikssenter gjer vårt ytterste for å stoppe svindel. Samstundes er nokre val dine. Lær deg dei viktigaste teikna – og grepa som gjer deg og dine tryggare.

Falske meldingar frå «kjende aktørar»

  • Slik ser det ut: Du får ei melding som ser ut til å kome frå AutoPASS, Statens vegvesen, Spotify eller ein bank. Bodskapen hastar: «betal no», «oppdater konto», «stadfest betaling».
  • Kva skjer eigentleg? Lenka går til ein kopi av ei ekte side. Målet er å få deg til å logge inn, slik at svindlaren kan misbruke BankID og kort.
  • Gjer dette: Skriv inn adressa sjølv i nettlesaren, ikkje følg lenker. Vi i Sogn Sparebank ber aldri om BankID-passord eller kodar på telefon, SMS eller e-post.

Kapring av mobilbanken («takeover»)

  • Slik ser det ut: Du får ei uventa BankID-forespurnad eller SMS-kode, eller nokon ringer «frå banken» og ber deg lese ho opp for å stoppe eit påstått misbruk.
  • Kva skjer eigentleg? Med passord og aktiveringskode kan svindlaren installere bankappen på sin eigen telefon, logge inn som deg og prøve å tømme konto.
  • Gjer dette: Del aldri kodar. Avvis førespurnader du ikkje sjølv har starta. Ring oss viss du er i tvil.

Telefonsvindel («banken/politiet ringer»)

  • Slik ser det ut: Ei trygg stemme, ofte med forfalska nummer, hevdar at kontoen er i fare og ber deg flytte pengar til ein «trygg konto».
  • Kva skjer eigentleg? Stress og hastverk skal få deg til å gjere noko du elles ikkje ville gjort. Målet er innlogging og overføring.
  • Gjer dette: Legg på. Ring banken tilbake via nummeret i appen eller på nettsida. Bankar ber aldri om å flytte pengar til «trygg konto».

Investerings- og kjærleikssvindel

  • Slik ser det ut: «Sikre» investeringar i krypto/aksjar fronta av falske «kjendisar», eller relasjonar som blir bygde over tid før det kjem ei bøn om pengar eller gåvekort.
  • Kva skjer eigentleg? Når tilliten er på plass, blir du bedd om innskot, fjernstyring eller gåvekort – verdiane forsvinn.
  • Gjer dette: Invester aldri via lenker i sosiale medium. Gje ikkje frå deg fjernstyring. Kjøp ikkje gåvekort for andre – sjølv om det «hastar».

Visste du at …

BankID-vindauget fortel kva du er i ferd med å godkjenne. Står det noko anna enn du venta – for eksempel «gje tilgang» når du trudde du logga inn – stopp og avbryt.

Mistenkjer du svindel? Gjer dette først:

Stopp opp.

Ikkje klikk.

Ikkje del kodar.

Hugs at du kan sperre kortet i mobilbanken eller nettbanken. Ta kontakt med oss med ein gong, så får du rask hjelp til å sperre, sikre og vurdere vegen vidare.

Ofte stilte spørsmål

Uventa BankID-forespurnader, SMS-kodar du ikkje sjølv har starta, eller ein telefon som ber deg «stoppe misbruk», er teikn på kontokapring.

Gjer dette: Avvis førespurnaden og del aldri kodar. Ring oss via nummeret du finn på nettsida, så sperrar og sjekkar vi.

Små beløp kan vere testtransaksjonar frå svindlarar, men òg førehandsreservasjonar eller betalingar du har gløymt. Sjekk kontorørsler/kortdetaljar og dato/tekst nøye i mobil- og nettbanken.

Gjer dette: Viss du framleis ikkje kjenner att transaksjonen, sperr kortet sjølv i mobil- og nettbanken og ring oss for ei gjennomgang og eventuell reklamasjon. Har du større summar på brukskontoen du betaler frå til dagleg, flytt overskot til ein konto du ikkje har kort til eller brukar til dagleg – på eige initiativ, aldri fordi nokon ringer deg og ber om det.

Nei. Vi vil aldri be deg flytte pengar til ein «trygg konto».

Gjer dette: Legg på, ikkje overfør, og ring oss på eige initiativ via nummeret i mobilbanken/nettsida.