Hopp til innholdet
Mann og kvinne med ryggsekkar går på ein fjelltopp med solnedgang i bakgrunnen.
Mann og kvinne nyter en tur på fjellet i solnedgangen.
Forbrukslan

Det er i livet ellers du skal ha høg puls

Det å handle på kreditt og ta opp lån i fleire ulike bankar kostar meir enn det smakar. Det kan bli vanskeleg å halde oversikt over alle kostnader og krav, mens stressnivået sakte men sikkert tar over i kvardagen. Slik treng det ikkje å vere!

Smålån, kreditt og refinansiering er vanlegare enn du kanskje trur. For mange av oss vil det dukke opp behov for pengar vi ikkje allereie har – ein eller fleire gonger i livet. Det kan vere til tannlegerekninga som blei høgare enn forventa, bilen som må ha nye vinterdekk eller hvis du reiser spontant med gjengen på den storbyferien de har snakka om. Då kan det vere enkelt å dra kredittkortet. Kanskje tenåringen har vokse ut av barnerommet og treng alt nytt av møblar, eller det dukker opp eit tilbod på noko du har ønskja deg lenge, som du berre må slå til på. Då er det eit ærleg val å ta opp eit forbrukslån – eller Smålån som vi i banken har valt å kalle det.

Det er når forbrukslåna og kredittkortrekningane blir mange og fordelt hos fleire tilbydarar at det fort blir dyrt og uoversiktleg. Det mest lønsame for deg er ofte å samle all kreditt og eventuelle forbrukslån til eitt lån. Kva med å legge all spenning til noko morsommare enn til høge renter og avdrag og velje den banken du allereie kjenner?

Eit lån du kan puste ut med

For å samle og refinansiere dyr kredittkortgjeld og forbrukslån kan refinansiering vere ei god løysing. Refinansiering er i grunn eit forbrukslån, men med lågare rente og du kan sjølv velje kor lang nedbetalingstida skal vere. Vi i banken hjelper deg å tilpasse lån, renter og nedbetalingstid etter dine behov.

Har du allereie eit bustadlån hos oss og ein eigedom som har stige i verdi, kan det vere hensiktsmessig å bake forbrukslån inn i bustadlånet. Dermed har du endå færre lån å forholde deg til. Hugs då å endre beløpet og ikkje spre det utover 25 år, då blir det dyrt for deg. Dette hjelper vi i banken deg gjerne med.

Kjent er også trygt

Søkjer du om forbrukslån eller refinansiering hos oss, får du personleg rådgiving basert på din økonomi og din situasjon. Same rådgiving får du ikkje alle stader og det er enklare å forholde seg til ein bank.

Du vil altså både spare pengar og energi på å samle alt på eitt sted. Kvilepuls i økonomien gir meir rom for livet – for det er vel i livet elles du skal ha høg puls?

Sjå all gjeld i mobilbanken

Full oversikt over usikra gjeld og kredittkort i eitt enkelt bilete.

Priseksempel forbrukslån og refinansiering

kr 90 000 over 3 år, nom. rente 11,14 %, eff. rente 13,32 %, etableringsgebyr kr 650, mnd. gebyr kr 40, totalt kr 108 500.