Grønt kort på bilforsikringa er eit internasjonalt forsikringsbevis, som gjer det enklare å bevise at du har forsikring.

Kort fortalt om grønt kort:

  • Grønt kort er eit internasjonal forsikringskort
  • Kortet stadfestar at du har gyldig ansvarsforsikring
  • Kortet blir utgjeve av forsikringsselskapet ditt

Hjelp i uheldige situasjonar

Grønt kort kan hjelpe situasjonen dersom du opplever eit trafikkuhell og må bevise at du har gyldig forsikring.

Kva land krev at du har grønt kort?

Sjølv om du kan køyre bilen din i store delar av Europa utan grønt kort, anbefaler vi at du tek med dette. Dei fleste trafikkskadesituasjonar løyser seg lettare når du viser fram grønt kort. Les meir om dette på sida til Trafikkforsikringsforeningen.

Varigheit

Kortet blir aktivt frå den dagen du bestiller, og varar maksimalt tre månader. Dersom forsikringa stansar om mindre enn tre månader vil kortet vare til forsikringa si sluttdato. Treng du Grønt kort med lengre varigheit kan du ta kontakt med oss på 91 50 38 50.

Last ned grønt kort digitalt

Du kan enkelt hente ut grønt kort digitalt på min side under det forsikra køyretøyet du ønskjer grønt kort til. Det er gratis å laste ned grønt kort.