Kvifor ikkje nytte anledninga til å realisere drøymen om å kjøpe båt og oppleve vårt vakre land som skipper på eiga skute?

Det viktigaste du gjer anten du er på Mjøsa, sjøen eller kvar enn du måtte vera er å tenkje sikkerheit.

Følg Redningsselskapets sjøvettregler

  1. Tenk sikkerheit. Kunnskap og planlegging reduserer risiko og aukar trivselen.
  2. Ta med nødvendig utstyr. Utstyret må haldast i orden og vera lett tilgjengeleg.
  3. Respekter vêr og farvatn. Båten må berre nyttast under eigna forhald.
  4. Følg Sjøvegsreglane. Bestemmingane om vikeplikt, fart og lanterneføring må overhaldast.
  5. Bruk redningsvest eller flyteplagg. Det er påbode med godkjent flyteutstyr til alle om bord.
  6. Ver utkvilt og edru.
  7. Vis omsyn. Sikkerheit, miljø og trivsel er eit felles ansvar.

Hugs at ethvert brudd på promille-reglene til sjøs gir tap av føreretten. Landets øverste domstol har avgjort at om man kjører båt med mer enn 0,8 i promille skal man bli fratatt førerett til båt i minst ett år.

 

Vikepliktreglar til sjøs

  • Du har vikeplikt for båtar som kjem frå styrbord (til høyre i køyreretning).
  • Du har vikeplikt for båtar du innhentar.
  • Motorbåtar har vikeplikt for seglbåtar under seil.
  • Fritidsbåtar har vikeplikt for nyttefartøy. (Norsk særregel - forenkla)

Kilde: Redningsselskapet

Snakk med oss om båtlån og båtforsikring.

Ta vare på dei gode dagane på vatnet!