«For dei fleste løner det seg både tidsmessig og økonomisk å ha både bank- og kredittkort hos same bank. Bankkortet brukar ein til daglegdagse kjøp, og kredittkortet brukar ein til å handle på nettet, inkludert strøymetenester og appar, og til dei litt større kjøpa. Kredittkortet bør også nyttast ved bestilling av reiser, bilutleige og hotell, mellom anna», seier Sverre Skagestad, fagsjef for kort og betaling i Eika Gruppen.

«Vi ønskjer å hjelpe kundane våre med å finne ein flyt kvardagen, der mest mogleg går av seg sjølv. Dei færraste har lyst til å bruke mykje tid på å finne ut av betalingsløysingar eller stadig leggje inn nye kortnummer i diverse appar. Med to kort frå oss treng du berre gjere den jobben éin gong. Du får også same PIN-kode på bank- og kredittkorta dine hos oss, så har du éin ting mindre å hugse på», seier han.

Kva er skilnaden mellom bank- og kredittkort?

Bankkort, også kalla debetkort, er knytt til bankkontoen din. Det kan brukast så lenge det er pengar på bankkontoen. Bør brukast i det daglege, til dømes til daglege innkjøp og forbruk. Det er vanleg å få sitt første bankkort for barn ved skulestart. Deretter får ein ungdomskort i tenåra, og eit bankkort for vaksne etter at ein blir 18. Korta har funksjonalitet tilpassa dei ulike aldersgruppene og gjev trygg og saumlaus betaling i kvardagen.

Bruk bankkortet ditt og ver med trekning av 10000 kroner.  
Finn kvardagsflyten og vinn, finn ut meir her

 

Visste du at 87 prosent av nordmenn har eitt eller fleire kredittkort? Alle over 18 bør søkje om kredittkort frå oss. Kortet har ei fast definert beløpsgrense som du kan bruke av, og som du betalar tilbake seinare. Du kan bruke opptil grensa du har fått, og så lenge du betalar før forfall, betalar du ikkje renter. Hugs å bruke kortet fornuftig – ikkje bruk det til langsiktig finansiering. Du får mest utbyte av fordelane og rabattane på kredittkortet når du betalar heile rekninga i tide.

Visste du at 87 prosent av nordmenn har eitt eller fleire kredittkort? Alle over 18 bør søkje om kredittkort frå oss. 

Finn ut meir om kredittkort, fordelar og rabattar og søk her

Finn kvardagsflyten med digitale kort i mobilbanken

Vi kan ikkje hjelpe deg med å hugse kvar du har lagt lommeboka, men med digitale kort har du alltid tilgang til bank- og kredittkorta dine. Det er praktisk å ha oversikt over både bank- og kredittkort i same app – då flyt kvardagen så mykje betre!

Her finn du meir om dei digitale korta dine 

Kredittkorta våre gjev deg mange fordelar

  1. Lurer du på om du burde ha eit kredittkort hos oss? Desse fordelane får du:
  2. Reise-, avbestillings- og ID-tjuveriforsikringar er inkludert
  3. Ei rekkje gode fordelar, kampanjar og rabattar
  4. Kortet er perfekt til reise – du får gode tilbod på hotell og leigebil
  5. Det løner seg å ta ut pengar med kredittkortet i minibank når du er i utlandet
  6. Ingen årspris og fleksibel tilbakebetaling, med inntil 45 dagars rentefri betalingsutsetjing
  7. Gode reklamasjonsrettar og tryggleik mot kortsvindel
  8. Du har ein buffer dersom uventa utgifter oppstår, som at TV-en ryk eller du får ei stor tannlegerekning

Ikkje funne kvardagsflyten i økonomien endå?

Vi har dyktige rådgjevarar som sit klare til å hjelpe deg med å få god kontroll på kvardagsøkonomien.

Klar for to kort frå oss i lommeboka?

  • Søk om kredittkort her, og få svar med det same.
  • Bankkort kan du bestille i mobil- eller nettbanken, og du får det i posten i løpet av 7–10 dagar. Ønskjer du hjelp undervegs, er det berre å ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne.