Personar i alle aldrar og i alle delar av befolkninga blir svindla, men svindlarane er likevel mest retta mot dei eldre. Vi har laga 9 bankvitreglar som kan gjere det lettare for deg å vite kva du skal gjere om du blir ringd opp.

Folk synest dette med svindel er vanskeleg

Mange synest dette med svindel er skummelt, og dei føler seg utrygge. Det kan også vere vanskeleg å snakke om at ein har blitt lurt. Vi er her for deg og svarar på alle spørsmål du har om svindel. Dersom du veit kva du skal sjå etter, og ikkje deler personleg informasjon, er du betre rusta til å unngå å bli svindla sjølv. Bankvitreglane skal gjere det lettare å hugse korleis du skal oppføre deg dersom uhellet er ute.

Blir du beden om å gje frå deg passord eller kodar, er det svindel!
Dei fleste svindelsaker der kundane taper store verdiar, er ofte telefonsvindel. Svindlarane gjev seg ut for å vere bank eller politi og ber deg stadfeste fødselsnummer, BankID-kodar og passord. Dei lèt kanskje som om du allereie har blitt svindla, og seier dei skal hjelpe deg med å ordne opp. Her er det viktig å vere på vakt, for vi i banken, eller politiet, vil aldri be deg om å dele verken BankID-kodar eller passord over telefon. Ber nokon deg om dette, er det svindel! Har du spørsmål eller er uroleg for noko, kan du ta kontakt med oss i banken for å få meir informasjon