Hopp til innholdet

Aksjeselskap (AS)

Slik kjem du i gang

Å starte eit AS treng ikkje vere så vanskeleg.

Vi har samla dei viktigaste tipsa og råda.

Opprette stiftingsdokument

Viss du skal opprette eit aksjeselskap, må du stifte selskapet først – til det treng du å fylle ut eit stiftingsdokument som inneheld informasjon om selskapet (til dømes namn på føretaket, kven som eig selskapet, kven som sit i styret, og aksjekapitalen).
Dokumentet må signerast av alle som har investert.

Opprette bedriftskonto og setje inn aksjekapital

Skal du opprette eit AS, må du ha ein aksjekapital på minimum 30 000 kroner.
Dette blir sett inn på ein bedriftskonto som blir låst til føretaket er registrert i Brønnøysund, og du har fått eit organisasjonsnummer.

Registrer selskapet

Når aksjekapitalen er sett inn på konto, registrerer du selskapet hos Brønnøysund.
Det kan ta litt tid å registrere eit AS, men her kan du sjå kor langt dei er komne i behandlinga av søknaden.

Selskapet er oppretta

Gratulerer – då er det berre å setje i gang!

Ting du bør tenkje på når du etablerer eit AS

Har du alt du treng? Det kan vere lurt å ta ein gjennomgang av kva forsikringar du treng til den nye verksemda di – dette får du god hjelp med av oss.

Har du alt du treng?


Det kan vere lurt å ta ein gjennomgang av kva forsikringar du treng til den nye verksemda di – dette får du god hjelp med av oss.

Det er òg viktig å spare til pensjon – spesielt viss du har tilsette i verksemda di. Her finn du all informasjon om pensjonssparing.

Har du rekneskapsprogram? Hos oss får du Eika Regnskap, som er sømlaus knytt til nettbanken til verksemda di – enklare blir det ikkje!

Ønskjer du at vi skal kontakte deg for å gå gjennom det du treng? Fyll ut kontaktskjema her.

Eit aksjeselskap er ei eiga juridisk eining, noko som betyr at selskapet har sitt eige ansvar for gjeld og forpliktingar. Som eigar (aksjonær) risikerer du berre den kapitalen du har sett inn, og ikkje din private økonomi. AS passar for dei som ønskjer avgrensa personleg risiko, vil tilsetje seg sjølve med lønn, eller planlegg å ha fleire eigarar.

Minstekrav for oppstart:

  • 30 000 kr i aksjekapital
  • Stiftingsdokument må lagast og signerast
  • Registrering i Brønnøysundregistra (kostnad: 5 570 kr ved digital registrering per 2025)

Registreringsprosess:

  • Opprett stiftingsdokument og vedtekter
  • Set inn aksjekapitalen på ein bedriftskonto
  • Registrer selskapet via Altinn
  • Når du har fått organisasjonsnummer, kan du starte verksemda
Selskapskatt: AS betaler 22 % skatt på overskotet.
Lønn: Eigarane kan betale seg sjølve lønn, som blir skattlagt som vanleg inntekt (inkl. arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift).
Utbyte: Eigarar kan ta ut utbyte frå selskapet, men det blir skattlagt med 37,84 % (2024).

Fordelen med AS er at du kan bestemme når du tek ut utbyte, noko som gir fleksibilitet i skatteplanlegginga.

Dei største fordelane med å velje AS er:

  • Du avgrensar personleg risiko – berre aksjekapitalen står på spel.

  • AS gir eit meir seriøst inntrykk ovanfor kundar, leverandørar og investorar.

  • Moglegheit til å ta ut lønn og få sosiale rettar (sjukepengar, pensjon osb.).

  • Lett å ta inn investorar og vekse.

Dei største ulempene er:

  • Krev 30 000 kr i aksjekapital.

  • Meir administrasjon (rekneskapsføring, årsrekneskap, rapportering til styresmakter).

  • Skatt både på overskot og utbyte, medan eit ENK berre betaler skatt på overskotet.

  • Ha orden på rekneskapen: Bruk rekneskapsførar eller rekneskapsprogram
  • Ta ut rett kombinasjon av lønn og utbyte: Optimaliser skatten
  • Følg med på kostnader: Unngå unødvendige faste kostnader
  • Planlegg skatten: Ikkje ta ut alt som utbyte – set av midlar til drift og vekst
  • Bruk selskapet sin kapital smart: Invester i vekst, og sørg for at selskapet har god likviditet