Hopp til innholdet

Frå 1. november 2026 blir altså Eika Regnskap til UniMicro, og kundeforholdet ditt blir overført til UniMicro AS. Under kan du lese litt om kva dette betyr for deg.

Må du gjere noko?

Nei. Du treng ikkje gjere noko som følgje av denne endringa.

Det viktigaste for deg er at du kan fortsetje som før. Du beheld dei same tenestene, funksjonane og prisane som i dag, samtidig som du får tilgang til nye løysingar og vidareutvikling framover.

Dette betyr det for deg

  • Kundeforholdet ditt blir overført til Uni Micro AS.

  • Eika Regnskap endrar namn og profil til UniMicro.

  • Prisane dine blir ikkje endra som følgje av endringa, og du beheld dei same funksjonane som du bruker i dag.

  • Du kan framleis logge inn via eikaregnskap.no som i dag.

Som ein del av dette får du også tilgang til ny funksjonalitet i plattforma. Blant nyheitene er Micro, UniMicros KI-assistent som fungerer som ein digital medarbeidar i rekneskapssystemet. Han hjelper deg med å jobbe smartare, få betre innsikt og frigjere tid til det som skaper verdi for deg og kundane dine.

Nytt kontaktpunkt for kundeservice