Eika Innskotspensjon – ein viktig del av lønnssamtalen
Det er snart tid for årets lønnssamtalar. Mange tilsette forventar reallønsvekst, og presset på lønskostnader kan bli stort. Då kan det vere smart å sjå løn og pensjon i samanheng.
Ei gjennomtenkt pensjonsordning kan gi større fleksibilitet i forhandlingane – og samtidig styrkje bedrifta di på lang sikt.
Mange tilsette verdset pensjon høgt
Ei undersøking gjennomført nyleg av Norstat* stilte respondentane følgjande spørsmål: «Tenk deg at du fekk valet mellom ei lønsauke på éin prosent, eller ein tilsvarande auke i pensjonssparing gjennom jobben. Kva ville du valt?»
- 44 prosent ville valt auka pensjonssparing
- 42 prosent ville valt auka løn
- 14 prosent var usikre
Pensjon er med andre ord ikkje lenger berre «noko som kjem seinare». For mange tilsette er det eit av dei viktigaste tilsettegoda.
*undersøking gjennomført av Norstat på vegner av Storebrand
Kvifor auka pensjon kan vere eit godt alternativ?
Her er nokre argument for kvifor tilsette bør prioritere auka pensjonssparing framfor løn
- Pensjonsgapet kan bli stort
Med minimumsordninga på 2 % OTP vil mange oppleve eit betydeleg fall i inntekt som pensjonistar. Høgare innskot – til dømes 6–7 % – kan bidra til ein samla pensjon nærare 80 % av sluttløna, avhengig av inntekt, avkastning og andre pensjonsrettar. - Skattefordelane er gunstige
Løn blir skattlagd i dag. Pensjonsinnskot frå arbeidsgivar blir først skattlagde når pensjonen blir utbetalt. For mange kan det gi meir effektiv sparing over tid. - Stordriftsfordelar i bedriftsordningar
I ei kollektiv pensjonsordning er det arbeidsgivar som dekkjer kostnadene. Forvaltningskostnadene er ofte lågare enn ved individuell sparing.
Kva betyr dette for deg som arbeidsgivar?
Ei god pensjonsordning handlar ikkje berre om framtidig pensjon. Ho kan òg vere eit strategisk verkemiddel i bedrifta di.
- Du styrkjer konkurransekrafta i kampen om dei beste hovuda
- Du byggjer lojalitet og tryggleik blant tilsette
- Innskotspensjon blir kostnadsført løpande og reduserer skattegrunnlaget
For mange bedrifter kan det vere vel så smart å vurdere ein kombinasjon av løn og pensjon i forhandlingane
Ta pensjon inn i lønnssamtalen
Lønnssamtalen handlar om meir enn kroner her og no. Ho handlar òg om framtidig tryggleik.Vi hjelper deg gjerne med å sjå på korleis pensjonsordninga i bedrifta di kan brukast aktivt – både for å skape nøgde tilsette og for ein meir robust økonomi.
Lukke til med årets lønnssamtalar!