Treng du nokon å sparre med?
Vi veit at ingen etableringsreise er lik. Kanskje du har konkrete spørsmål om finansiering, ønskjer å diskutere vidare planar – eller berre treng nokon å tenkje høgt saman med.
Å starte eiga verksemd er både spennande og krevjande. Det er mykje å halde styr på, og vi ønskjer å vere meir enn berre ein finansiell støttespelar – vi vil vere ein samtalepartnar du kan støtte deg til.
Difor har vi laga ei enkel og praktisk sjekkliste med nokre av dei viktigaste tinga du bør ha i tankane i oppstartsfasen. Ho er meint som eit utgangspunkt – ikkje ei fasit – og vi håpar ho kan vere til hjelp for å kome godt i gang med verksemda di.