Hopp til innholdet
Kvinneleg anleggsleder

Transportforsikring

  • Gir deg erstatning dersom noko blir borte eller øydelagt på vegen
  • Kan utvidast med ekstra tryggleik – som avbrotstap og vrakfjerning
  • Tilpassast enkelt med avtalar og tillegg som passar for deg

Kva dekkjer transportforsikring? 

ransportforsikring passar for deg som fraktar eigne varer – anten det skjer ofte eller berre ein gong i blant. Vi hjelper deg med enkeltforsendingar eller ein fast avtale, alt etter kva som passar kvardagen din best.

Transportansvar og forsikring

Det er lett å tru at transportøren har fullt ansvar viss noko skjer med varene dine. Men i realiteten er ansvaret deira både avgrensa og betinga – ofte berre ein brøkdel av verdien. Med transportforsikring er det du som eig varene som er trygg – uansett kva som skjer undervegs.

Forsikringa dekkjer det økonomiske tapet dersom ei vare blir skadd eller går tapt under transport. Du kan velje mellom to avtaletypar og ulike dekningsnivå – tilpassa behova i bedrifta di.

Dette dekkjer transportforsikringa

Passar for bedrifter som ønskjer ein fast, årleg avtale for alle transportoppdrag – både innanlands og til utlandet. Har de ansvar for varene undervegs, eller må forsikre dei etter leveringsvilkåra, gir denne dekninga tryggleik heile vegen. Prisen blir rekna ut frå kor mykje varer de forventar å sende i løpet av året.
Eit godt val når du skal transportere eigendelar innanlands – anten éin gong eller jamleg. Passar spesielt for deg som flyttar utstillingar, utstyr eller maskiner frå stad til stad, og ønskjer ei enkeltforsikring eller årsavtale som følgjer med.
For deg som køyrer eigne varer i eigne bilar – og ønskjer ei enkel, årleg forsikring. Denne dekninga passar særleg for bedrifter med varer av lågare verdi. Har du større verdiar? Då anbefaler vi dekninga for Omsetning av varer.
Skal du sende varer éin gong, over ei bestemt strekning og tidsperiode? Då er engangsforsikringa eit godt og fleksibelt alternativ – anten du er bedrift eller privatperson.

Vi tilbyr ekstra tryggleik gjennom spesialavtalar som kan leggjast til hovuddekninga:

  • Avbrotsforsikring: Dekker tap ved ventetid på eitt stad. Gjelder berre for Omsetning av varer med A-vilkår.
  • Termoklausul: Erstatning ved temperaturskadar under transport.
  • Vrakfjerning: Dekker kostnader ved å fjerne totaløydelagte varer etter ein skade.

Standard eigendel er 10 000 kroner, men du kan òg velje:

  • 15 000 kroner
  • 30 000 kroner
  • 50 000 kroner

A, B og C-vilkår

Dette vilkåret dekkjer alle farar som varene kan bli utsette for under transport. Det blir ofte brukt for varer som ikkje tåler så mykje.

Dekkjer skadar og tap som kjem av at transportmiddelet har vore utsett for ei ulukke – til dømes utforkøyring, akselbrot eller grunnstøyting. I tillegg dekkjer det brann, naturskadar, varer som blir kasta eller skylt over bord, flaumskadar, totaltap av heile kolli ved lasting og lossing, flytting av varer i naudhamn og felleshavari.

Denne forsikringa blir ofte brukt for varer som tåler mykje og for brukte ting. Vi tilrår B-vilkår som eit minimum for all sjøtransport.

Eit avgrensa vilkår som dekkjer skadar som kjem av at transportmiddelet har vore utsett for ei ulukke – eller for brann, naturskade og felleshavari.

Blir ofte brukt for varer som tåler mykje, men som frå før har skadar eller manglar.

Snakk med ein av rådgivarane våre om transportforsikring

Damir Kovac

Damir Kovac

Teamleiar Bedriftsmarknad

56523506 mobil 91868204

Elin Bryn

Elin Bryn

Kunderådgjevar Forsikring

Leidulv Finden

Leidulv Finden

Avd. leiar forsikring/forsikringsansvarleg

56523514 mobil 91690216

Om forsikring

Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.

Spørsmål og svar om transportforsikring

Transportforsikring dekkjer skadar på varer under transport, enten det er til lands, til vanns eller i lufta. Dekninga omfattar tap som følgje av ulukker, tjuveri, brann, og andre uforutsette hendingar som kan oppstå under transporten.

Alle bedrifter som transporterer varer, enten det er små eller store mengder, bør ha transportforsikring. Dette gjeld spesielt for bedrifter som sender eller mottek varer regelmessig, og som vil sikre at varene er beskytta mot potensielle skadar eller tap undervegs.

  • Transport eigen bil: Dekker alle farer som varene kan bli utsett for under transport, med nokre unntak.
  • Transport bedrift: Dekker utvida transportulukker som alvorlege ulukker til sjøs, på land eller i lufta.
  • Transport engangs: Dekker transportulukker som alvorlege hendingar til sjøs, på land eller i lufta, samt brann, lynnedslag, og naturkatastrofar.