Hopp til innholdet
Tre personar går på ein smal sti i eit ope landskap med gras og lyng.

Fritidsulukkesforsikring

  • Sikrar dei tilsette økonomisk dersom dei er ute for ei ulykke på fritida
  • Du kan leggje til den tilsette sin ektefelle eller sambuar
  • Dekkjer også behandlingsutgifter som ikkje blir dekte av trygda

Kva er fritidsulukkesforsikring?

ritidsulykkesforsikring, også kalla kollektiv ulykkesforsikring, er ei utviding av yrkesskadeforsikringa. Ho gir dei tilsette erstatning dersom dei skulle vere så uheldige å bli utsett for ei ulykke på fritida. Med andre ord: Bedrifta viser omsorg – også når livet skjer utanfor jobb.

Denne forsikringa dekkjer det same som yrkesskadeforsikringa, men gjeld for skadar som skjer på fritida. Når begge forsikringane er på plass, er dei tilsette forsikra heile døgnet – både på jobb og heime. Det gir ekstra tryggleik, både for verksemda og for dei som jobbar der.

Dekninger Fritidsulukke
Medisinsk invaliditet

Inkludert

Uførleik

Inkludert

Dødsfall

Inkludert

Påførte meirutgifter

Inkludert

Framtidige meirutgifter

Inkludert

Tapt inntekt fram til oppgjer

Inkludert

Medisinsk invaliditet utan opp- og nedtrapping for alder

Inkludert

Valfri tilleggsdekning

Medisinsk invaliditet ektefelle/sambuar

Inkludert

Valfri tilleggsdekning

Dødsfall ektefelle/sambuar

Inkludert

Valfri tilleggsdekning

Medisinsk invaliditet barn

Inkludert

Valfri tilleggsdekning

Opplysningane her er forenkla og forkorta samanlikna med dei fullstendige vilkåra.

Har du allereie forsikringar hos oss, kan du logge inn for å laste ned vilkåra som gjeld for deg – anten det er personleg, for bedrifta di eller garden din.

Spørsmål og svar

Ménerstatning er pengar du kan ha krav på dersom du får varige helseplager etter sjukdom eller ei ulykke – anten det skjer på jobb eller i fritida.

Har du fått påvist varig medisinsk invaliditet, kan du ha rett på ménerstatning både frå folketrygda og frå forsikringa. Kor mykje du får, kjem an på kor alvorleg skaden er (det finst ein eigen invaliditetstabell), alderen din og kva forsikring arbeidsgivaren din har valt.

Alle bedrifter med tilsette må ha yrkesskadeforsikring. Nokre arbeidsgivarar har òg utvida forsikringa til å dekkje annan sjukdom og ulukker som skjer på fritida.

Arbeidsuførheit betyr at du har mista heile eller delar av evna til å jobbe og tene pengar – anten på grunn av sjukdom eller skade. Kor mykje du har mista, blir rekna i prosent.

Dersom du blir sjuk eller skada, er det legen din som vurderer kor mykje du kan jobbe – og skriv ut sjukmelding. Først når du får innvilga uføretrygd frå NAV, startar utbetalingane frå arbeidsuføredekninga.

Er du tilsett i ei bedrift, har du yrkesskadeforsikring som kan gi økonomisk støtte dersom du blir ufør av ei yrkesskade. Nokre arbeidsgivarar har òg utvida forsikringa til å dekkje sjukdom og ulukker som skjer på fritida – då er du ekstra godt dekt.

Er du sjølvstendig næringsdrivande, gjeld litt andre reglar.