Hopp til innholdet

Speditøransvarsforsikring

  • Dekker ansvar dersom varer blir skadde eller øydelagde
  • Gir vern dersom tilsette tek eller underslår varer
  • Du er òg dekt dersom varer blir sende feil eller til feil stad

Kva er speditøransvarsforsikring? 

Speditøransvarsforsikring vernar verksemda di dersom noko går gale i eit spedisjonsoppdrag, og de får krav om erstatning. Ho gir økonomisk tryggleik – og skaper meir føreseieleg drift.

Kva dekker speditøransvarsforsikringa?

Speditøransvarsforsikringa dekkjer det juridiske ansvaret du har for kunden sine varer og gods, frå handtering og lagring til ekspedering og transport. Dersom noko går gale og verksemda får eit erstatningskrav, gir forsikringa økonomisk tryggleik slik at drifta kan halde fram som normalt.

Kva er speditøransvar?

Speditøransvar handlar om det juridiske ansvaret du har når du fraktar, lagrar eller handterer varer for kundane dine. Dersom noko skjer med godset, at det blir skadd, forseinka eller borte, kan du bli erstatningspliktig.

Døme frå røynda:

  • Skade før transport: Ein tilsett slurvar med emballeringa av ei verdifull maskin før sending. Under transporten oppstår skade, og speditøren blir ansvarleg for tapet. 
  • Feil temperatur undervegs: Ei sending med fersk fisk blir oppbevart for varmt under frakt. Varene blir øydelagde, og speditøren må stå til ansvar for feilen.
Dekninger Speditøransvar
Skade, tap og manglar under spedisjonsoppdrag

Inkludert

Formuesskade under spedisjonsoppdrag

Inkludert

Skade ved eigen terminal

Inkludert

Underslag

Inkludert

Feilekspedering

Inkludert

Juridisk bistand

Inkludert

Opplysningane her er forenkla og forkorta samanlikna med dei fullstendige vilkåra.

Har du allereie forsikringar hos oss, kan du logge inn for å laste ned vilkåra som gjeld for deg – anten privat, for verksemda di eller for garden din.

Snakk med ein av rådgjevarane våre om speditøransvarsforsikring

Damir Kovac

Damir Kovac

Teamleiar Bedriftsmarknad

56523506 mobil 91868204

Elin Bryn

Elin Bryn

Kunderådgjevar Forsikring

Leidulv Finden

Leidulv Finden

Avd. leiar forsikring/forsikringsansvarleg

56523514 mobil 91690216