Hopp til innholdet
Luftfoto av ein skog delt i to; eine halvparten er grøn og frodig, mens den andre er brende og naken etter ein skogbrann.

Miljøforsikring

  • Dekkjer skade på både eiga og andres eigedom
  • Dekkjer kostnader til opprydding og tilbakeføring av naturen
  • Dekkjer rettsakskostnader ved miljøskadar

Kva er miljøforsikring?

Viss bedrifta di blir ansvarleg for miljøskade, hjelper miljøforsikringa deg med å tilbakeføre naturen til slik den var.

Visste du at?

Bedriftsforsikringa di kan hjelpe deg med å rydde opp etter naturskade. Men berre miljøforsikringa hjelper deg med å tilbakestille naturen og å betale for skaden du gjorde.
Dekninger Miljøforsikring
Miljøansvar

Inkludert

Juridisk bistand

Inkludert

Opplysningane her er forenkla og forkorta i forhold til dei fullstendige vilkåra.

Har du allereie forsikringar hos oss, kan du logge inn for å laste ned vilkåra som gjeld for deg – anten det er for deg personleg, for verksemda di eller for garden din.

Spørsmål og svar om miljøforsikring

Miljøansvar handlar om å ta vare på naturen – ved å unngå skade på økosystem, naturressursar og det biologiske mangfaldet. Dersom verksemda di påfører miljøskadar, kan de bli ansvarlege for opprydding og tilbakeføring av naturen, i tråd med naturmangfaldlova.

Miljøskade er skade på naturen som kjem av forureining – altså utslepp av stoff som kan vere skadelege for luft, vatn eller jord. Slike skadar kan føre til erstatningsansvar og krav om opprydding.

Ein lastebil velter og søler diesel og olje i ei elv. Skadane på dyre- og planteliv gjer at verksemda får ansvar for opprydding. Dette er ei situasjon der miljøforsikringa gjeld.
Nei, ho dekkjer ikkje alt. Vanleg bedriftsansvarsforsikring gjeld berre plutselege skadar på andre sine ting eller personar – ikkje skadar på eigen eigedom eller naturen rundt.
Miljøansvarsforsikringa dekkjer òg miljøskadar på eiga grunn og krav etter naturmangfaldlova.

Naturmangfaldlova vernar norsk natur for framtidige generasjonar. Ho set reglar for korleis vi bruker og tek vare på natur, landskap og dyreliv.

Dersom ei verksemd påfører miljøskadar, kan ho bli ansvarleg – sjølv om det ikkje var med vilje. Har ein ikkje gjort nok for å unngå skaden, kan ein bli pålagt å betale både for opprydding og for å tilbakeføre naturen slik ho var.

Snakk med ein av rådgivarane våre om miljøforsikring.

Damir Kovac

Damir Kovac

Teamleiar Bedriftsmarknad

56523506 mobil 91868204

Elin Bryn

Elin Bryn

Kunderådgjevar Forsikring

Leidulv Finden

Leidulv Finden

Avd. leiar forsikring/forsikringsansvarleg

56523514 mobil 91690216

Om forsikring

Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.