Følgje status på bestillingar i nettbanken
No kan du følgje ei produktbestilling i nettbanken og sjå kven som har signert.
Når du får sjekka statusen på ei bestilling og sjå kven som har signert (eller ikkje), utan å kontakte banken, blir det enklare å følgje opp bestillingane dine.
Dette viser oversikta «Bestillingar under behandling»
- Bestillingar – rett etter at du har sendt dei.
- Om bestillinga krev at noko må gjerast med henne, til dømes at éin eller fleire framleis må signere.
- Alle som skal signere, og statusen deira.
- Namnet på selskapet når du bestiller for ein klient eller underavtale.
- Eventuelle tilleggsprodukt du har valt når du bestiller ein underavtale.
Ei ferdig signert bestilling blir liggjande i oversikta i 7 dagar. Blir ho aldri ferdig (manglar signatur), blir ho sletta etter 30 dagar.
Kven kan sjå bestillinga?
Alle brukarar i nettbanken kan sjå bestillingar for selskap dei har tilgang til. Gjeld bestillinga ein underavtale, kan alle brukarar i konsernavtalen sjå henne.
Her finn du oversikta
Du finn «Bestillingar under behandling» i nettbanken via:
- «Produkt og tenester» på framsida (og velje «Søknad og bestilling»), og
- «Bestill produkt» i toppmenyen.
Når du opnar ei bestilling i oversikta, blir alle som skal signere viste, og kva status kvar av dei har.
Tidspunktet for siste endring blir oppdatert kvar gong nokon signerer.
Når alle har signert, blir statusen endra til «Ferdig signert».
Løysinga gjeld førebels berre for desse produkta
- Bankintegrasjon
- Fakturere med KID (OCR)
- Administrator
- Bedriftskort
- Underavtale