Berekraftig utvikling tyder at vi må sørgje for at verda blir ein betre stad for oss som lever no, utan å øydeleggje henne for dei som kjem seinare. Gje framtidige generasjonar dei same moglegheitene som vi har, rett og slett. Men korleis gjer vi det?

Gode val for klimaet og kloden

Nordmenn må gjere forandringar for å redusere klimagassutsleppa våre om vi skal lykkast med ei berekraftig framtid. Mykje av jobben er for stor til at kvar og ein av oss kan gjere han åleine – då treng vi dyktige politikarar og leiarar som kan bidra til viktige endringar. Men det finst også mange smarte val vi kan gjere sjølve, for kloden og lokalsamfunnet der vi bur.

Kva for utslepp du bidreg til, og kva du har høve til å endre på, er avhengig av bu- og livssituasjon. Men dei aller fleste av oss kan gjere endringar. Det handlar om kor mykje energi vi brukar i bustaden vår, korleis vi reiser, og ikkje minst om tinga vi kjøper.

I åra som kjem, skal samfunnet vårt gjennom ei stor omstilling for å få ned utsleppa. Ein viktig del av denne omstillinga er å erstatte mykje av den ikkje-fornybare energien som forureinar kloden vår med straum frå fornybare kjelder. . 
Sjølv om dette er eit nødvendig grep for ei berekraftig framtid, kan det tyde at straumen fortsatt blir dyrare enn vi i Noreg har vore vande til, i mange år framover. Når både straum og drivstoff er dyrare, blir det endå viktigare for kvar og ein av oss å tenkje over korleis vi kan bruke mindre.  

Gode val for naturen

Alle tinga vi produserer og kjøper, kjem eigentleg frå naturen. Men for at vi skal kunne dyrke mat og bomull, produsere treverk eller hente ut metall og mineral frå gruver, krevst det plass og ressursar, og det fører ofte til at naturen blir øydelagd. Derfor må vi redusere forbruket vårt og utnytte naturressursane betre. Det vil seie at vi må

  • bruke materiale om att
  • resirkulere
  • reparere det vi har
  • la vere å sløse med mat og andre verdifulle ressursar

Ei medviten haldning til korleis varer er produserte og transporterte, kan hjelpe deg å gjere gode val. Men det viktigaste for naturen er å kjøpe éin genser og ikkje fem, og bruke han oftare. I ei tid der det meste har blitt dyrare, er dette både bra for miljøet og for lommeboka.

God val for menneska

Om vi skal oppnå ei berekraftig framtid må vi også ta vare på kvarandre. Det er viktig at vi menneske behandlar kvarandre bra, og at vi fordelar ressursane slik at alle kan leve eit verdig liv.

Her i Noreg er det viktigaste kvar og ein av oss kan gjere i kvardagen, å ikkje kjøpe svart arbeid, og å bry oss om korleis tinga vi kjøper, er produserte. 

Når du handlar «kvitt», støttar du arbeidsplassar med rettferdig løn og behandling av tilsette. Du biudreg til økonomisk og sosial tryggleik for dei som jobbar for deg, mindre kriminalitet og mindre ulikskap. Og du unngår å bryte lova og bidra til at andre gjer det. 

Klede, matvarer og andre produkt du kjøper lovleg i butikk eller på nettet, er heller ikkje alltid like berekraftige. Om du vel leverandørar som sørgjer for at alle i verdikjeda blir rettferdig behandla, bidreg du til ei berekraftig fremtid.

Små og store steg – kvar einaste dag

Om det er éin ting vi lærte av koronapandemien, er det kor sårbare vi er – men også kor raskt vi kan omstille oss og jobbe saman mot eit felles mål. Og om det er noko som er verdt å samarbeide om, så er det den felles framtida vår.   

Mange av oss ønskjer å bidra til meir berekraft, men det kan vere vanskeleg å vite kvar ein skal starte. Det synest vi i banken også. Derfor jobbar vi med å lære oss meir om berekraft og finne ut kva kvar og ei og banken kan bidra med. For at vi saman skal kunne ta små og store steg i rett retning, kvar einaste dag.