Her er våre fem tips til korleis du kan hjelpa dei med å få hjula i gang:

  1. Skal du på shopping?
    Sjekk alltid om det du skal handla kan kjøpast lokalt. Dei beste råda og servicen får du av folk som kjenner deg.
  2. Lysta på noko godt? 
    Legg restaurantbesøket til det lokale spisestedet. Kanskje treffer du òg masse kjentfolk som du ikkje har sett på lenge.
  3. Lyst til å finna på noko? 
    Lek turist i eigen by og sjekk ut moglegheitene til lokale aktivitetar og severdigheter. Plutseleg kjem du over lokale perler som du ikkje visste om.
  4. Skal du pussa opp? 
    Sjekk ut det du treng på nett – og bestill varer og tenester lokalt. Høyr gjerne om dei kan levera varet heim til deg og om du kan betala med Vipps.
  5. Behov for å slappa av? 
    Dropp middagslagingen og bestill take-away frå den lokale pizzakiosken. Eller kva med å prøva den nye restauranten på hjørnet som du aldri har prøvd før? Kanskje får du ei ny kulinarisk oppleving frå sofakroken.
 
Sist men ikkje minst; Hald avstand, vask hendene og unngå å ta på ting du ikkje skal ha eller bruka. 
 
Og skulle du vera fornøgd med det du har kjøpt - ikkje gløym å fortel det til andre!
Den beste marknadsføringa ei bedrift kan få er gode kundar som skryter og tilrår dei til venner og kjente. 
 
#tavarepå nabolaget vårt