-
Kva er ein tvist?Ein tvist liggje føre når eit framsett krav er blitt avvist, anten heilt eller delvis.
-
Gir Eika juridisk rådgjeving?Nei, som forsikringsselskap går vi ikkje inn i sjølve tvisten som sak, og vi bistår heller ikkje med generell juridisk rådgjeving.
-
Kva er dei vanlegaste sakene som blir dekte av forsikringa?
- Tvist om naboforhold
- Tvist ved kjøp og sal
- Tvist med verkstad/handverkar
- Tvist om erstatningskrav
-
Kva er dei vanlegaste sakene som ikkje blir dekte av forsikringa?
- Skilsmisse/separasjon/barnefordeling
- Straffesak
- Saker som gjeld yrke/erverv
- Saker om forvaltningsvedtak
-
Når kan eg få rettshjelp?Du kan få dekt utgifter til advokat dersom du som privatperson er i tvist med ein annan part.
-
Kva blir omfatta av rettshjelpsforsikringa?Utgifter til advokat, retten, sakkunnige og vitne.
-
Kva er forsikringssummen for rettshjelp?Forsikringssummen er inntil den økonomiske verdien av saka/krava, og maksimalt 100 000 kroner.
-
Kva er eigendelen?Eigendel er 4000 kroner med tillegg av 20% av det overskytande beløp.
-
Må eg leggje ut for alle advokatutgifter og søkje refusjon etterpå?Forsikringa kan refundere utgifter undervegs i saka direkte til advokat eller deg.
-
Kan eg velje advokat sjølv?Du kan fritt velje advokat.