Vi har gjort det enkelt for deg å ha oversikt over økonomien din. Med nye Eika mobilbank får du oversikt over kontoar, rekningar, forsikringar og sparing – alt på éin stad!

Den gamle mobilbanken vil framleis fungere ei stund til, og du vil bli varsla i god tid før han blir lagd ned. Første gong du brukar appen, må du logge inn med BankID, men så kan du velje å bruke ansiktsattkjenning eller fingeravtrykk for å logge inn. Enkelt, ikkje sant? 

Last ned fra App Store her eller last ned fra Google Play her

Full kontroll over det digitale kortet ditt

Visste du at du kan sjå kortnummer direkte i appen? Ligg du i sofaen og tenkjer at du gjerne skulle ha bestilt den jakka på nettet, men ikkje heilt orkar å finne fram lommeboka? Ikkje fortvil. I appen kan du enkelt finne alt du treng for å klikke heim draumejakka. Og når du først er inne på Mitt kort, kan du både sjå PIN-kode, sperre kortet dersom det er vekke, og bestille nytt kort. 

Likar du heller å handle i butikken, kan du enkelt sperre for netthandel. Då er du heilt trygg på at kortet ikkje kan misbrukast på nettet. Det gjev god nattesøvn. Du bestemmer også heilt sjølv kva regionar kortet skal fungere i. Det kan vere lurt å berre ha Europa som standard, men hugs å opne opp om du skal ut på ein tur utanfor Europa. 

Gløym aldri ein faktura igjen

Set du opp AvtaleGiro på alt av faste betalingar som straum, husleige, treningsavgift, internett og mobil, så går ting av seg sjølv. Du treng ikkje tenkje på å godkjenne betalinga. Berre hugs at det må vere nok pengar på kontoen når beløpet blir trekt. Stod det litt for lite på kontoen på forfallsdatoen, får du varsel om at betalinga ikkje gjekk gjennom. 

Dersom du skrur på automatisk eFaktura i mobilbanken, vil du få alle andre fakturaer rett i mobilbanken. eFaktura godkjenner du enkelt rett frå mobilbanken. Då bestemmer du sjølv kva for ein konto du vil betale frå, og når beløpet skal trekkjast. Gløym aldri ein faktura igjen! 

Enkel oversikt med fleire kontoar

I mobilbanken vel du sjølv kva for ein konto som er favorittkontoen din.

Har du mange ulike kontoar, kan du enkelt endre rekkjefølgja på dei i mobilbanken. Då får du full oversikt over dei viktigaste kontoane først. Er det litt tomt på den eine kontoen, kan du raskt overføre mellom kontoane. 

Heile familien samla

Med felles kontoar er det enkelt å få oversikt over økonomien. I mobilbanken ser du alle kontoar - også dei som er felles. Har du barn kan du også ha full kontroll over transaksjonane til ungane dine i mobilbanken.