Ofte stilte spørsmål
-
Minibanken slukte kortet mitt, kva skal eg gjere?Dersom minibanken har slukt kortet ditt, kan årsaka vere:
1. Skadar på magnetstripa
2. At kortet er blitt sperra
3. Tekniske feil ved minibanken
Ta kontakt med banken ditt eller vårt kundesenter snarast dersom dette skjer. -
Korleis kan eg endre kredittgrensa på kortet?Du kan søkje om endra kredittgrense i nettbanken, mobilbanken eller kontakte banken direkte. Dersom søknaden blir godkjend, endra grensa umiddelbart.
-
Kva PIN-kode skal eg bruke?Det er same PIN-kode på kredittkort som på andre kort frå banken.
-
Gløymt PIN-Kode?Du har same PIN-kode på kredittkortet som på andre kort frå banken. Du kan hente PIN i mobilbanken eller nettbank heile døgnet for bank- og kredittkorta dine.
Logg deg inn i mobilbanken og vel Kortjenester - Hent PIN eller i nettbanken og vel Kort - Hent PIN. -
Finn ikkje gyldig kort for å hente ut PIN-kodeDessverre er det ein somme PIN-kodar som ikkje kan hentast ut i nettbanken då dei er for gamle. I slike tilfelle vil du få melding om: ”Finn ikkje gyldig kort for å hente ut PIN-kode.”
Vi ber deg då om å ta kontakt med Eika Kundesenter på tlf. (+47) 915 03850. -
Finst det moglegheit for eFaktura?Eika Kredittbank tilbyr eFaktura til kundane sine. Når du har betalt ei rekning i nettbanken vil du oppleve å få spørsmål om du ønskjer å bruke eFaktura. Si "ja takk" og din neste faktura kjem som eFaktura. Alternativt kan du opprette eFakturaavtalen manuelt i nettbanken under Betalinger - Betalingsavtaler – eFaktura - Inngå ny eFakturaavtale.
-
Kva er revolverende kreditt som kjem på fakturaen?Revolverende kreditt er utrekna rente for nytta kreditt på kredittkortet.
-
Kan eg få endra forfallsdato på fakturaen?Ja, du kan velje mellom forfallsdatoane 5., 15. og 25. (gjeld ikkje for Eika Bedrift).
Send ein mail til kundesenter@eika.no for å endre forfallsdato. -
Må eg vente på neste faktura med å sjekke transaksjonane mine?Nei, du kan når som helt sjekke transaksjonane dine i mobilbanken eller i nettbanken under Kort – Kredittkort – Transaksjoner.
-
Eg får ikkje opp eFakturagrunnlaget mittSannsynlegvis har du eit POP-UP blokkering som stoppar dette. Du kan rette dette ved å klikke på Verktøy- POP-UP blokkering – alltid tillatne POP-UP frå dette området.