Kom i gang
-
Kva er Google Pay?Google Pay er ein digital lommebok der du legg inn kortet ditt og det blir danna eit token. Dette tokenet er ein digital versjon av det fysiske kortet ditt. Dermed kan du bruka ein Android-enhet til å betala med i butikk, på nett eller gjera kjøp i apper.
-
Kva for einingar kan eg bruka med Google Pay?Du kan bruka Google Pay på telefonar, nettbrett og andre einingar som har Android operativsystem versjon 5.0 eller nyare med innebygde NFC (Near Field Communication). Du kan òg nytta smartklokker frå m.a. Huawei, LG og Tag Heuer som har same operativsystem.
-
Korleis får eg Google Pay?Du må ha ei eining med Android operativsystem og eit kort frå oss, og så kan du følgja desse stega:
1. Last ned Google Pay appen frå Google Play Store
2. Velg “+Betalingsmåte” og legg inn kortet
3. Godkjenn vilkåra
4. Tast inn stadfestingskoden du får og Google Pay er klar til bruk