Med dyktige rådgivarar og god lokalkunnskap er vi godt rusta til å vere ein sparringpartnar for deg og bedrifta di. Dette er noko av det vi kan hjelpe deg med:
- Finansiering. Eige eller leige utstyr og lokale – kva lønnar seg eigentleg for di bedrift?
- Forsikringar. Vi finn ut kva forsikringar som er viktige for deg og bedrifta di.
- Pensjonssparing. Du er pålagd å ha ei pensjonsordning for dei tilsette. Men slapp av, det treng ikkje vere vanskeleg.
- Betalingar. Vi hjelper deg med å finne dei rette fakturarutinane og digitale løysingane som lettar kvardagen din og sikrar ei god betalingsevne i selskapet.
Saman finn vi løysingane som gjer kvardagen din enklare, og som gir deg meir tid til å gjere det du er best på – å drive bedrifta di.
Årleg økonomisk gjennomgang
Du kan avtale eit møte hjå oss for å sjå på dagens situasjon og planleggje for framtida. Vi tilrår alle bedrifter å ta ein slik gjennomgang ein gong i året.
- Vi avdekkjer lånebehov, riktige forsikringsordningar og pensjonsplan
- Saman utarbeider vi ein konkret plan for den framtidige økonomien i bedrifta
- Vi ser på inn- og utbetalingane i bedrifta og gir råd om effektivisering og automatisering