Enklare betaling med Vipps QR

Enklare betaling med Vipps QR

Har bedrifta di eit Vipps-nummer? Gode nyheiter: Då er det enkelt å setje opp QR-betaling! Vipps trykkjer og sender alt du treng, heilt gratis, når du bestiller frå VippsPortalen.

Bestill QR-kodar i VippsPortalen

Hjelp, oversikt eller rapportar?

Visste du at i VippsPortalen kan du søkje i alle transaksjonane dine, sjå status, kven som har betalt, og refundere om nødvendig? I tillegg kan du sjå alle salsstader og gjere endringar på dei. Du kan også laste ned og bestille gratis QR-materiell. Rapportar til rekneskapen din lagar du her, og du kan eksportere dei på vanleg måte.

Kvifor ta betalt via QR-kode?

Illustrasjon av kunde og selger, og kunde betaler med QR-kode

Gjer det enklare for kunden – og for deg å drive butikk!

Kundane dine skannar koden med kameraet på mobiltelefonen sin, kjem akkurat dit dei skal i Vipps, og betalar på vanleg måte med mobilen. Veldig enkelt og eit fint tiltak for berøringsfri betaling.

Tips for å lykkast med QR

Hugs å merkje tydeleg at du tek Vipps

Vi tilrår å gjere QR-koden så synleg som mogleg i butikken. Vipps trykkjer og sender alt du treng, heilt gratis, når du bestiller frå VippsPortalen. Du kan også skrive ut fleire plakatar sjølv.

  • Ha minst éin QR-kode i betalingsområdet, og det kan gjerne vere fleire QR-kodar synleg i vindauget, ute på plakatar osv.
  • Flata QR-koden blir klistra på, må vere heilt glatt.
  • Ikkje la spotlys treffe QR-koden.

Når du ikkje har eigen nettbutikk

Nyheit – Vippsnummer Handlekurv

Med Vippsnummer Handlekurv kan du lage ei liste over varene du sel. Kunden din slepp å rekne ut totalbeløp, og du som seljar får god oversikt over varene som blir selde. Enklare for kundane og enklare for deg.