Elisabeth Haug, nestleiar i Vipps, er ikkje i tvil om at bedrifter som tek betalt med Vipps, får ein meirverdi. – Betalinga blir enklare, og vi trur det kjem til å gi seg utslag i meir fornøgde kundar og meir sal, seier Haug.

Enklare betaling – meir fornøgde kundar

Dagleg har Vipps rundt 300 000 transaksjonar, og så langt har omtrent 45 000 bedrifter, lag, foreiningar og andre aktørar teke i bruk Vipps for å ta betalt.


– Eg er ikkje i tvil om at bedrifter som tek betalt med Vipps, får ein meirverdi. – Betalinga blir enklare, og vi trur det kjem til å gi seg utslag i meir fornøgde kundar og meir sal. – Elisabeth Haug 

-Folk er lut leie av å fylle ut lange rekkjer med kontaktopplysningar og kortinformasjon. Vi ønskjer å gjere betaling og overføringar enkelt og har erklært krig mot utfylling av kontrollnummer, CSC-kode og KID-nummer. Viss du brukar Vipps, ligg alle opplysningane allereie i appen, og det einaste du treng er eit Vipps-nummer, fortel Haug.

Med stadig aukande etterspurnad etter enklare og meir smidige betalingsløysingar er Vipps ei smart betalingsløysing for bedrifter.

Her er ei oversikt over dei ulike løysingane Vipps tilbyr for bedrifter:

Vipps Bedrift

Med Vipps Bedrift er det enkelt for kundane dine å betale, du treng ingen bankterminal eller kontantar, og du får pengane rett inn på konto.

Registrer deg for Vipps Bedrift.

Vipps Faktura

Gammaldags papirfaktura er dyrt, tungvint og unødvendig. Vipps Faktura er raskare, enklare og meir lønnsamt for bedrifta. Det gir òg kundane dine ei betre kjøpsoppleving.

Les meir om Vipps Faktura.

VippsGO

VippsGO er skreddarsydd for små butikkar og for lag og foreiningar som har ein kiosk eller ein utsalsstad. Kunden kan bestille og betale før han eller ho kjem til kassa – mobilbetaling i aller enklaste form.

Les meir om VippsGO.

Vipps i nettbutikk eller app

Alt kunden din treng for å betale, er mobilen. Kortnummer, utløpsdato og tryggingskode er ikkje nødvendig.

Les meir om betaling i nettbutikk med Vipps.

Har du spørsmål? Vi hjelper gjerne! Kontakt oss.