Sertifikat, utdanning, eigen bustad. Privatøkonomien blir gjerne pressa heilt til brestepunktet av desse tunge kostnadane. Likevel ventar ein nærmast at nyvaksne skal ha brikkene på plass allereie når dei flyttar heimanfrå.

Men no kan de som foreldre pusta med magen: Det er mogleg å gi barnet ditt ein god start på økonomien, sjølv om du ikkje heiter Skrue McDuck. Løysinga er appen Smartspar.

 

Gåva som veks med barna

Tidlegare var sparing i fond berre aktuelt for spesielt interesserte, men no har det altså blitt enkelt og tilgjengeleg for alle. Viss du lastar ned den nye appen Smartspar, kan du setje opp ein spareavtale til både deg sjølv og dine håpefulle.

 

– Det som er ekstra fint med denne appen er at de som foreldre kan få hjelp til å spara – du kan nemleg enkelt invitera andre til å bidra!  

 

Det fortel Christian Vestengen. På jobb i Eika er han ekspert på å gi folk mest mogleg att for sparepengane sine, og heime blir han motivert av eigne barn og sparemåla han har for dei.

– Tenk deg kor enkelt det blir å svara når tanter, onklar, fadrar og besteforeldre spør: Kva ønskjer barna seg til jul og bursdag?

Når du kjem i gang trur ikkje Vestengen at du blir åleine om dette spareprosjektet. – Mest sannsynleg hiv heile flokken seg på når dei ser kor enkelt dei kan bidra til barnet si framtid.

Styrk økonomien til den håpefulle med Smartspar


Kvifor skal ein spara i fond?

Det går opp for stadig fleire at sparing i aksjefond er noko av det smartaste dei kan gjere med pengane sine. Statistikken viser at den årlege verdiauken i aksjemarknaden dei siste 120 åra ligg på heile 9,5 prosent i gjennomsnitt. Då er alle krakk og kriser rekna med. Dette er vesentleg betre enn dei 5 prosentane bankrenta gjennomsnittleg har lagt på i den same perioden.

For at fondssparing skal vera behageleg å halda på med, må eit par ting vera på plass: For det første må den som sparar tole å sjå at det svingar.

 

– Ja, det kjem periodar der verdiane fell, men historisk sett har desse periodane alltid vore etterfølgt av stigingar. 

 

For det andre må sparinga vera langsiktig, nettopp på grunn av svingingane. – Dersom du har ein tenåring du ønskjer å gi nokre ekstra tusenlappar til backpacker-turen neste sommar, kan du like gjerne la pengene stå på konto, presiserar Vestengen.

Les også: Konfirmasjon? Her er dei viktigaste tipsa – uansett budsjett


Engasjert pappa

Christian Vestengen jobbar med kapitalforvaltarane i Eika, det vil seia dei som syter for at sparepengane til folk blir rett plasserte. Men mesteparten av tida er han ein engasjert pappa til ein gut på åtte og ei jente på seks. – Eg er kanskje litt miljøskada, men eg er sjølvsagt over gjennomsnittet interessert i fondssparing til barna.

 

– Smartspar gjer at sparing til barna er noko alle kan koma i gang med, uansett budsjett. 

 

No når familie, vener og fadrar òg kan gi gåver gjennom Smartspar-appen, er det gode utsikter til å spara så det monnar til barna. Vestengen seier at vanen er det viktigaste, og at beløpet er mindre viktig.

GI EI GÅVE SOM VEKS MED BARNET:  Christian Vestengen med barna Victoria og Sebastian 

 

 – Eg gler meg til den dagen Sebastian eller Victoria skal kjøpa seg ei leilegheit og Monica og eg kan fortelja dei at vi har spart til dei sidan dei blei fødde. Då kan 500 i månaden i 20 år ha blitt til 220 000. Eller kanskje mykje meir? Den dagen gler eg meg til.

 

– Dersom vi gjer den oppveksande generasjonen meir medviten om sparing enn vi er, har vi gitt dei noko svært verdifullt. 

 

Last ned Smartspar og start eit sparefond til barnet ditt