Har du tenkt over korleis du skal spara dei neste fem, ti eller førti åra? Innføringa av aksjesparekonto og individuell pensjonssparing (IPS) har gjort det mykje enklare å spara langsiktig – men kva for ei av dei er eigentleg best? Her er ein kort presentasjon av begge:
Eika Aksjesparekonto – aksjefond på éin stad
Med ein aksjesparekonto hos oss samlar du alle aksjefonda dine innanfor EU/EØS på éin stad, og du får skattefordelar. Kontoen er gratis, og du kan bestilla han i mobilbanken. Les meir om aksjesparekonto og mobilbanken.
- Ta ut heile summen du har sett inn – skattefritt
- Sel eller byt aksjefond utan å skatta undervegs
- Betal skatt først når du tek ut gevinsten frå aksjesparekontoen
Obs: Dersom du allereie sparar i aksjefond må du hugsa å flytta dette over på ein aksjesparekonto. For å sleppa skatt på eventuelle gevinstar må du gjera overføringa seinast ved utgangen av 2019. Etter 2019 er det ikkje lenger mogleg å flytta aksjefonda dine skattefritt til ein av aksjesparekontoane våre.
Psst! Eig du enkeltaksjar utanom fond? Desse kan du overføra til aksjesparekonto hos samarbeidspartnaren vår Norne Securities.
IPS: Smart pensjonssparing
Sparing på ein IPS-konto gjer privat pensjonssparing meir lønsamt. Du vel sjølv kor mykje du vil spara kvart år, og du kan endra eller stoppa sparinga undervegs.
- Du betalar ikkje skatt på avkastninga i spareperioden.
- Sparesaldoen er unnateken formueskatt.
- Spar opptil 15 000 kroner kvart år og få 22 prosent, altså 3 300 kroner om du sparar 15 000 kroner, av sparebeløpet i frådrag på skatten.
- Du kan begynna å ta ut pengane frå du er fylt 62 år.
- Det er først når du skal ta ut pensjonen din at du skattar av beløpet
Psst! Lurer du på kor mykje du får i pensjon? Sjekk pensjonskalkulatoren.
Ja takk, begge delar
Konklusjonen blir at aksjesparekonto passar for deg som sparar langsiktig i aksjefond. Ved å spara på ein aksjesparekonto vil du ha betre fleksibilitet i måten du sparar på, og du kan selja eller byta aksjefond undervegs utan å måtta betala skatt. IPS er for deg som har høve til å binda kapital fram til du blir pensjonist.
For dei fleste vil det smartaste vera å seia som Ole Brumm – ja takk, begge delar – og kombinera sparing i aksjesparekonto med sparing i IPS. På den måten kan du få:
- Fleksibel og lønsam sparing
- Gunstige skattefordelar
- Ulike tidsperspektiv
- Øyremerkt sparing til pensjon og fleksibel sparing til draumen
Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna vera avhengig av marknadsutviklinga, evnene til forvaltaren, risikoen i verdipapirfondet og kostnader ved teikning, forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap.