Bedrifter som sikrar dei tilsette ei god pensjonsordning, gjer seg attraktive på arbeidsmarknaden og har gode moglegheiter for å halda lenger på verdifulle tilsette.
Lovpålagd pensjon
Alle bedrifter med minst éin tilsett er lovpålagde å etablera ei pensjonsordning for dei tilsette. Minimumskravet for innskotspensjon tilsvarer 2 % av lønn mellom 1 og 12 G og omfattar alle faste tilsette over 20 år som arbeider i meir enn 20 % stilling.
Gir bedrifta full økonomisk kontroll
– Fordelen med innskotspensjon er at du som leiar veit nøyaktig kva det kjem til å kosta bedrifta. Samtidig kan du enkelt auka prosenten og visa at du investerer i framtida til dei tilsette, seier Gunnar Birkevold i Eika Kapitalforvaltning.
– Ei innskotsordning på 2 % av lønn (obligatorisk tenestepensjon) er i minste laget. Det blir som å få lønn annankvar månad. Gunnar Birkevold, Eika.
Pensjonen frå folketrygda dekkjer vanlegvis mellom 35 og 40 % av dagens lønn. Birkeland oppmodar bedrifter til å setja av meir enn det som er lovpålagt:
– Dersom innskotspensjonen blir auka til 5 % frå den tilsette fyller 35 år, kan han eller ho enda opp med rundt 66 % av sluttlønn som pensjonist, forklarer Birkevold.
Fire grunnar til å velja Eika innskotspensjon
- Heilskapleg økonomisk rådgiving. Rådgivaren i lokalbanken kjenner behova, dei tilsette og nærmiljøet til bedrifta. Det inneber at rådgivaren i lokalbanken kan gi heilskapleg økonomisk rådgiving og ein god sparringspartnar både for bedrifta og dei tilsette.
- Det er praktisk å samla alt i éin bank. Arbeidsgivar og arbeidstakar har gjerne eit kundeforhold hos lokalbanken frå før. Å samla fleire produkt og ordningar hos éin og same bank er både praktisk og lettvint.
- Enkle digitale løysingar. Bedriftsportalen er enkel å administrera og gir bedrifta full kontroll over pensjonsordningane.
- Tilsettportal i mobilbanken. Alle arbeidstakarar som brukar lokalbanken, finn enkelt oversikt over folketrygda, kva som er oppspart gjennom tidlegare arbeidsforhold, og kva som blir spart i dag, i mobilbanken. Tilsette kan òg undersøka kva dei kan forventa å få i pensjon med dagens spareprofil.
Flytte OTP mellom to bankar?
Har bedrifta di obligatorisk tenestepensjon (OTP) hos ein annan bank i dag? Det er fort gjort å flytta denne over til lokalbanken.