Pensjonssparing - IPS
Dei fleste ynskjer romsleg økonomi som pensjonist. Pensjonen frå folketrygda utgjer for mange om lag 50 prosent av lønn. Med pensjonssparing (IPS) kan du spara til ein betre pensjon.
- IPS kan kjøpast av deg mellom 18 og 67 år, og som er medl. av Norsk Folketrygd.
- Du kan spara inntil 15.000 årleg.
- Har du max sparing vil det gi deg kr. 4.200,- mindre i skatt.
- Sparinga vert lagt opp til mnd. beløp på kr. 1.250,-
- Forsikra sparing. Vert du 20 prosent ufør eller meir, vil forsikringa dekka sparinga for deg.
- Minimum utbetalingsperiode er på 10 år, og kan opphøyre ved 77 år.
- Utbetaling av IPS vert skatta som pensjonsinntekt.
Du bestemmer sjølv kva risiko du ynskjer å ta. Du kan velje mellom risikofri banksparing, fond frå dei fondsleverandørane banken tilbyr, eller ein kombinasjon.
